Gunnar larsen skjermdump seminar 11
REDUKSJON: Hav Group-sjef Gunnar Larsen legg fram ein kvartalsrapport som fortel om reduserte inntekter.
Nytt

Inntektsnedgang for Hav Group

Inntektene og lønsemda fall for Hav Group i 1. kvartal.

31.05.2022

Redusert sal av utstyr er hovudårsaka til at driftsinntektene fall for Hav Group i 1. kvartal i år, samanlikna med 1. kvartal neste år.

Også lønsemda fall, viser kvartsrapporten (sjå tabell).

Sjå resultatpresentasjon direkte får klokke 08:00 eller i opptak her

Les børsmelding her

Skilde ut
I november 2020 skilde Havyard Group ut datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, og samla dei i Hav Group. Hav Group blei notert på Oslo Børs i mars i 2021.

Hav Group skal teikne og levere system for bruk av hydrogen som energiberar i skip, Hav Design er eit skipsdesingselskap, Norwegian Electric teiknar og levere system for batteripakkar ombord i skip og Norwegian Greentech lagar utstyr og system for å reinse ballastvatn.

Etter at Havyard Group i desember i fjor bestemte seg for å dele ut ein del av aksjane sine i Hav Group som utbytte blei Havyard Group sin eigarandel i Hav Group halvert, til 33,3 prosent.

To i pluss, to i minus
Selskapa Norwegian Greentech og Norwegian Electric har driftsinntekter på høvesvis 85,8 og 91,3 millionar kroner og eit resultat før skatt på høvesvis 6,5 og 0,5 millionar kroner i 1. kvartal 2022.

For Hav Design blei driftsinntektene 20,9 og resultatet før skatt minus 0,7 millionar kroner. Det er dette selskapet som har den store inntektsnedgangen samanlikna med 1. kvartal 2021, ned frå 248 millionar kroner i driftsinntekter og ned frå 17,4 millionar kroner i resultat før skatt.

Hav Hydrogen hadde 0,5 millionar kroner i driftsinntekter og minus 1,1 millionar kroner i resultat før skatt.

Hav Group ASA

1. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt198,8307,7
Driftsresultat8,019,2
Resultat før skatt4,617,6

Publisert: 31.05.2022 07:52

Sist oppdatert: 31.05.2022 08:21

Mer om