Energy Paradise Foto Golden Energy Offshore 11
FØRSTE AV FLEIRE: Golden Energy skal utvide flåten med fire skip framover. Fredag fekk dei overlevert PSV-en som skal segle under namnet Energy Paradise. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Flagget til topps på nytt skip

Ålesund-reiarlaget med god veke både på børs og til sjøs.

Marius Rosbach
29.09.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Golden Energy Offshore kunne fredag ettermiddag melde at dei hadde fått overlevert og heist flagget på sitt nyaste skip Energy Paradise. Mannskapet gler seg til å få det nye fartøyet i aktivitet, melder reiarlaget på si Facebook-side.

Sjølv om fredagen enda med eit lite fall for reiaraksjen, har det vore ei god veke for offshorereiarlaget frå Ålesund og aksjekursen har auka med nær 14,5 prosent.

Sluttkursen fredag stoppa på 1,236 kroner aksjen, som prisar selskapet til 142 millionar kroner.

Torsdag kunne reiarlaget melde at dei hadde henta inn 360 millionar kroner i ein retta emisjon med betydeleg overteikning. Pengane skal brukast til å finansiere flåteutvidinga som rederiet jobbar med.

Dagen føre kom nyheita om sal av fartøyet Vos Sugar – som reiarlaget kjøpte for 102 millionar kroner – til ein ikkje namngitt kjøpar for kring 170 millionar kroner.

Arctic Bioscience og Hexagon Purus fekk den beste avslutninga på veka av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.

Også hovudindeksen på Oslo børs avslutta med ein liten oppgang på 0,15 prosent til 1.290,99 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 9,48 5,80 %
Hexagon Purus kr 13,90 5,14 %
Atlantic Sapphire kr 1,56 2,36 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,89 1,40 %
Havila Kystruten kr 1,05 0,97 %
Norva 24 Group* 19,90 kr 0,71 %
Hexagon Composites kr 27,42 0,15 %
Hav Group kr 9,18 0,00 %
Endúr kr 39,00 -0,76 %
Salmon Evolution kr 6,21 -0,96 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,24 -1,12 %
Sparebanken Møre kr 77,50 -1,40 %
Hofseth Biocare kr 2,83 -1,74 %
Havila Shipping kr 9,30 -1,90 %
Statt Torsk kr 0,59 -3,88 %
* Kurs i SEK

Publisert: 29.09.2023 17:14

Sist oppdatert: 29.09.2023 17:18

Mer om