Fagervoll hankar inn meir arbeid
HENTAR PENGAR: Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll er i ferd med å utvide flåten og hentar pengar i marknaden for å finansiere skipa. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Golden Energy henta 360 millionar

Betydeleg overteikning for retta emisjon.

Marius Rosbach
27.09.2023

Golden Energy Offshore hentar 33,3 millionar amerikanske dollar - nær 360 millionar kroner – gjennom ein retta emisjon. Reiarlaget opplyste om kapitalutvidinga i ei børsmelding etter børsen stengde onsdag.

Ein halvtime etter midnatt var det klart at dei kom i mål med emisjonen med betydeleg overteikning, ifølgje ei børsmelding.

Pengane skal mellom anna brukast til å finansiere flåteutvidinga reiarlaget har på gong og generelle formål i selskapet.

Stor interesse
Teikningskursen var sett til 1 krone aksjen. Sluttkursen på Oslo børs onsdag var 1,17 kroner.

Storeigar i reiarlaget, Oaktree Capital Management, hadde forplikta seg til å gå inn med 12,8 millionar dollar.

Ålesund-selskapet opplyste at dei hadde fått «klare indikasjonar» på interesse for eit samla beløp på storleiken for emisjonen i møter med nasjonale og internasjonale investorar.

Det viste seg å stemme bra - og reiarlaget melder om stor interesse frå fleire typer investorar frå ulike plassar i verda.

Selde skip med gevinst
Golden Energy Offshore Services opplyste onsdag at dei hadde avtalt å selje fartøyet Vos Sugar – som dei kjøpte for 102 millionar kroner – til ein ikkje namngitt kjøpar for kring 170 millionar kroner.

Det gav ein kjapp milliongevinst og kursauke for aksjen.

Vos Sugar var eitt av fem offshorefartøy Golden Energy Offshore Services i Ålesund i august avtalt å kjøpe frå eit datterselskap av nederlandske Vroon Holding for nesten ein milliard kroner.

Publisert: 27.09.2023 23:09

Sist oppdatert: 28.09.2023 00:49

Mer om