Knut Flakk innfelt aksjekurs hex purus foto Ogne
GOD VEKE: Trass kursfall for Hexagon Purus, var det ei god veke for Knut Flakk (bilde) og dei andre eigarane selskapet med hovudkontoradresse i Ålesund. Hexagon Composites der Flakk-familien er nest største eigar, eig 73 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: God veke tross kursfall

Med 1,3 milliardar i friske pengar, toler du eit aksjetap.

Marius Rosbach
03.03.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hexagon Purus og Hexagon Composites hadde alt i alt ei god veke. Førstnemnte prega børsveka ved å hente inn 1,3 milliardar kroner i ein emisjon og konvertible obligasjonar, samtidig som dei melde om ein mogleg avtale til ein verdi av 20 milliardar.

Sjølv om Hexagon Purus-aksjen fall tung etter nyheita, og ein nedgang i løpet av veka på meir enn seks prosent, enda aksjekursen over emisjonskursen på 27 kroner.

Sluttkursen fredag på 29,88 kroner per aksje, verdset selskapet til 7,72 milliardar kroner – kring 780 millionar lågare enn då kapitalinnhentinga vart annonsert.

Hexagon Composites kan også sjå tilbake på ein oppgang på drygt ti prosent siste veka. Trass koplinga til Purus-selskapet, smitta ikkje nedgangen der over til Composites-aksjen, og ein kurs på 39,48 er det høgaste sidan hausten 2021.

Nortel var dagens tapar mellom dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet med ein nedgang på meir enn 12 prosent på lågt volum.

Hovudindeksen på Oslo børs hadde ein ny dag med oppgang på 0,44 prosent til 1.255,92.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus 29,88 3,53 %
Havila Shipping 18,48 3,47 % |
Statt Torsk 1,5 2,74 %
Hexagon Composites 39,48 2,39 %
Arctic Bioscience 14,75 2,08 %
Golden Energy Offshore Services 1,515 2,02 %
Norva24 Group * 31,1 0,89 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,5 0,57 %
Sparebanken Møre 88 0,36 %
Havila Kystruten 10 0,20 %
Hav Group 11,2 0,18 %
Salmon Evolution 8,38 0,00 %
Endúr 38,6 -0,22 %
Atlantic Sapphire 6,755 -1,75 %
Hofseth Biocare 2,95 -2,64 %
Nortel 24,2 -12,32 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 03.03.2023 17:37

Sist oppdatert: 03.03.2023 18:08

Mer om