Morten Holum Hexagon Purus
MEIR MUSKLAR: I løpet av få timar onsdag sikra Hexagon Purus-sjef Morten Holum selskapet meir økonomiske musklar for vekst framover. Skjermfoto
Nytt

Sikra 1,3 milliardar på få timar

Overteikning for å investere i hydrogenselskapet med base i Ålesund.

Marius Rosbach
02.03.2023

Hexagon Purus lukkast med å hente inn kring 1,3 milliardar kroner i løpet av få timar onsdag kveld. Det opplyser selskapet i ei børsmelding ein halv time før midnatt natt til torsdag.

Det er utskreve nye aksjar for kring 500 millionar kroner i ein emisjon til 27 kroner aksjen, og kring 800 millionar er henta inn i via konvertible obligasjonar.

Stor interesse og overteikning
Selskapet opplyser at det var stor interesse for å vere med å kapitalutvidinga og at tilbodet var overteikna fleire gonger.

Pengane skal brukast til å støtte oppunder selskapet sin vekststrategi, og er eit ledd i å utvide aksjonærplattforma på vegen mot notering på hovudlista ved Oslo børs.

Hexagon Purus har søkt om å bli notert på hovudlista, og reknar med at det kan bli gjennomført i slutten av mars månad.

Japansk partnar investerer halv milliard
Samtidig som tilbodet blei kjent, opplyste hydrogenselskapet at deira japanske partnar Mitsui investerer ein halv milliard kroner i obligasjonane – og vil investere opptil 1,5 nye milliard kroner dei neste åra.

Onsdag opplyste samtidig selskapet at dei er i langt komne samtalar om ei kontrakt til ein verdi av opptil 20 milliardar kroner. Avtalen gjeld levering av utstyr på opptil 10.000 lastebilar med nullutsleppsløysingar, som Hino Trucks vil produsere fram til 2030.

Verdsett til 8,5 milliardar
Børsmeldingane kom etter at børshandelen var over onsdag. Meldingar om kapitalutvidingar brukar ofte medverke til fall i aksjekursen fordi eksisterande eigarar får redusert sin eigardel om dei ikkje sjølve er med på kapitalutvidinga.

Når børsen opnar torsdag vil det vise seg om meldinga om moglege milliardoppdrag vil vere med på å dra aksjekursen oppover i staden.

‘Onsdag fall aksjekursen i selskapet 5,94 prosent, til 32,94 kroner aksjen, som verdset selskapet til 8,5 milliardar kroner.

Publisert: 02.03.2023 00:58

Sist oppdatert: 02.03.2023 01:15

Mer om