Hexagon Composites var dagens vinnar på børsen av selskapa frå Nordvestlandet. Sluttkursen onsdag vart 32,90 kroner etter ein oppgang i løpet av dagen på 4,61 prosent.
Sidan børsen stengte onsdag førre veke, har verdien på Hexagon Composites-aksjen stige med kring 25 prosent.
Kursen tok til å skyte oppover torsdag førre veke. Då vart det kjent at salet av dotterselskapet Hexagon Ragasco var i boks, til ein prislapp på kring ein milliard kroner.
Da det blei kjent at dotterselskapet var til sals, sa Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset til Nett No at dei hadde mykje anna spennande å drive med.
Investorane på børsen er tydeleg samde, og har halde fram med å sende kursen oppover dei siste dagane.
Aksjen har tatt igjen verdifallet frå tidlegare i år, og kan vere på veg mot førre «toppnivå» på kring 38 kroner frå hausten i fjor. Kursen var i ein kort periode i 2020 over 50 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs hamna i minus også onsdag, men langt mindre enn fallet dagen i forvegen. Med minus 0,12 prosent slutta indeksen på 1413,36 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Composites | kr 32,90 | 4,61 % |
Havila Kystruten | kr 1,02 | 3,76 % |
Salmon Evolution | kr 8,03 | 1,90 % |
Endúr | kr 50,90 | 0,59 % |
Romsdal Sparebank | kr 110 | 0,0 % |
Sparebanken Møre | kr 83,70 | -0,58 % |
Hofseth Biocare | kr 2,05 | -0,97 % |
Arctic Bioscience | kr 9,90 | -1,00 % |
Havila Shipping | kr 6,38 | -1,39 % |
Norva 24 Group* | kr 26,60 | -2,31 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 33,61 | -2,62 % |
Hav Group | kr 11,10 | -2,63 % |
Hexagon Purus | kr 9,04 | -3,52 % |
Atlantic Sapphire | kr 10,67 | -3,84 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 05.06.2024 17:26
Sist oppdatert: 05.06.2024 18:05