Golden energy sphynx foto golden energi
STORT FALL: Golden Energy Offshore Services fell mest av alle selskapa på Oslo Børs i dag. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Kraftig kursfall for Nordvestland-selskap

Golden Energy Offshore Services og Hav Group skuffa marknaden. Sjekk vekas siste børstabell for regionen.

21.11.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Aksjekursen til offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund fall kraftig fredag. 

I løpet av dagen var kursen under 13 kroner, men enda på 13,75 kroner - og eit fall på nær 22 prosent.

Det verdset reiarlaget til 345 millionar kroner, og er det lågaste nivået selskapet har vore på sidan 2020.

Ingeniør- og industriselskapet Hav Group hadde også eit kursfall fredag. Aksjen slutta 16,52 prosent ned på 5,66 kroner. Det verdset selskapet til 198 millionar kroner, og i nærleiken av botnrekorden for året. 

Begge selskapa la fram kvartalsrapportar for 3. kvartal før børsen opna i dag og toppar nett no taparlista på Oslo Børs.

For Golden Energy Offshore Services-aksjonærane er det truleg meldinga om at selskapet arbeider med tiltak for å betre likviditeten i ein svak marknad som uroar. Det betyr at selskapet bør ha påfyll av penger på eitt eller anna vis.

For Hav Group-aksjonærane er det truleg det av to av tre aktive forretningsområde går i minus, som trekkjer ned. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,44 -1,75 %
Atlantic Sapphirekr                   7,04 -4,29 %
Endúrkr                82,70 -1,31 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                13,75 -21,88 %
Hav Groupkr                   5,66 -16,52 %
Havila Kystrutenkr                60,00 -3,78 %
Havila Shippingkr                   1,19 -0,83 %
Hexagon Compositeskr                   6,43 -4,03 %
Hexagon Puruskr                   1,81 0,00 %
Hofseth Biocarekr                   1,60 -5,88 %
Tinde Sparebankkr              118,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   4,96 -0,30 %
Sparebanken Mørekr                99,43 -1,38 %
   

Publisert: 21.11.2025 14:33

Sist oppdatert: 21.11.2025 16:50

Mer om