pHAV Group Gunnar Larsen Siv Remoy Vangen foto hav group 11
EITT SELSKAP SKIL SEG UT: Konsernsjef Gunnar Larsen og Norwegian Electric Systems-sjef Siv Remøy Vangen. I år er det selskapet ho leiar som er det klart viktigaste i Hav Group. Foto: Hav Group
Nytt

Eitt datterselskap dreg lasset

Sto for 76 prosent av inntektene til Hav Group i tredje kvartal.

21.11.2025

Det er forretningsområdet "Energy Design & Smart Control", det vil seie datterselskapet Norwegian Electric Systems, som er lokomotivet i Hav Group-konsernet.

Dette forretningsområdet hadde 147,6 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 14,5 millionar kroner i tredje kvartal i år. 

Det er også dette forretningsområdet som sto for mykje av ordreinngangen til konsernet i tredje kvartal, som auka frå 70 millionar kroner i tredje kvartal i fjor til 171 millionar kroner i tredje kvartal i år.

Les børsmelding her

Norwegian Electric Systems leverer og tilpassar avanserte elektriske og hybride framdriftssystem til skip, frå batteripakkar og generatorar til automatiserte kraft- og navigasjonssystem.

La hydrogen på is
Hav Group er delt i fire ulike forretningsområde. Eitt av dei, satsing på system og utstyr for bruk av hydrogen som energiberar på skip, vart lagt på is tidlegare i år. Marknaden utvikla ikkje slik Hav Group hadde venta. Ved å legge hydrogensatsing på is betra konsernet resultatet.

Dei to siste forretningsområda er skipsdesign og vassbehandlingsystem for skip og oppdrett. Dei sto for høvesvis 98 og 64 millionar kroner i driftsinntekt i 3. kvartal og resultat før skatt på høvesvis minus 18,6 og minus 10,6 millionar kroner.

Kraftig fall
Hav Group-aksjen fell kraftig ved børsopning i dag. Klokka 09:40 er kursen ned 14,45 prosent til 5,80 kroner aksjen. Sidan årskiftet et kursen ned 7,64 prosent.

Havila Holding er største aksjonær, med 34,87 prosent eigarandel.

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No. 

Hav Group ASA  
Per 3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt535,0455,1
Driftsresultat-7,1-54,8
Resultat før skatt4,7-47,3
   
Hav Group ASA  
Per 3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt193,7134,8
Driftsresultat-2,5-28,9
Resultat før skatt-4,2-19,1

Publisert: 21.11.2025 09:47

Sist oppdatert: 21.11.2025 14:19

Mer om