Per Sævik Bent Martini foto Kjetil
KURSKOLLAPS: Eigar Per Sævik og reiarsjef Bernt Martini i Havila Kystruten. Etter ei veke med opptur vakna investorane opp - og sende aksjekursen til reiarlaget ned. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Kurskollaps for Kystruten

Reiarlaget var dagens store tapar.

Marius Rosbach
28.07.2023

Havila Kystruten-aksjen stupte med nær 50 prosent på Oslo børs, til rett under ei krone aksjen tidleg fredag.

Kursen fredag slutta på 0,99 kroner etter eit fall på 50,10 prosent. Dagen i forvegen endte kursen på 1,98 kroner, etter å ha vore over to kroner i løpet av dagen.

Kurskollapsen skjer etter at reiarlaget har hatt ei veke med nær dobling av kursen i kjølvatnet av to rundar med retta emisjon.

Sitt att med ti prosent eigarskap
Tidleg fredag meldte reiarlaget at kapitalforhøyinga var registrert. Aksjekapitalen består no av drygt 833 millionar aksjar, etter at det vart teikna kring 758 millionar nye aksjar til ei krone, ifølgje børsmeldingane.

Med andre ord sitt dei tidlegare aksjonærane att med mindre enn ti prosent av eigarskapen.

Alt klart for å hente heim skipa
Kapitalinnhentinga til Havila Kystruten er eit ledd i å få på plass ei ny finansiering for skipa til reiarlaget, som hamna i trøbbel som følgje av Russland-sanksjonane. I tillegg til emisjonane som er gjennomført, vurderer reiarlaget ein reparasjonsemisjon. Grepet som tilfører kring ein milliard i kapital, inkluderer også eit lån til selskapet.

Etter at pengane er på plass ligg alt til rette for at reiarlaget kan ta dei to siste skipa sine heim. Havila Polaris og Havila Pollux har vore fast hos det tyrkiske verftet Tersan, og skal etter planen segle frå Bergen 12. og 17. august.

Kommunikasjon- og marknadsdirektør Lasse Vangstein i Havila Kystruten fortalde NETT NO i førre veke korleis det blei jobba med å få logistikken på plass for å rekke seglasane.

Hexagon Purus hadde også ein dårleg dag på børsen og fall til under 20 kroner aksjen på lågt volum.

Ingen andre av selskapa frå Nordvestlandet utmerka seg på vinnar- eller taparlista fredag.

Hovudindeksen på Oslo børs falt med 0,42 prosent til 1.234,57.

Børstabell for Nordvestlandet:

Ticker Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience AS (XOSL:ABS) Arctic Bioscience kr 10,75 3,86 %
Nortel AS (XOSL:NTEL) Nortel kr 26,80 1,52 %
Atlantic Sapphire ASA (XOSL:ASA) Atlantic Sapphire kr 6,10 1,50 %
Norva24 Group AB (publ) (XSTO:NORVA) Norva 24 Group* 27,25 kr 0,93 %
Endur ASA (XOSL:ENDUR) Endúr kr 40,30 0,25 %
Salmon Evolution ASA (XOSL:SALME) Salmon Evolution kr 6,72 0,00 %
Hav Group ASA (XOSL:HAV) Hav Group kr 10,25 -0,49 %
Sparebanken More (XOSL:MORG) Sparebanken Møre kr 76,00 -0,65 %
Hofseth Biocare ASA (XOSL:HBC) Hofseth Biocare kr 2,95 -1,67 %
Hexagon Composites ASA (XOSL:HEX) Hexagon Composites kr 28,04 -1,75 %
Havila Shipping ASA (XOSL:HAVI) Havila Shipping kr 12,66 -1,86 %
Statt Torsk ASA (XOSL:STATT) Statt Torsk kr 0,55 -2,15 %
Golden Energy Offshore Services AS (XOSL:GEOS) Golden Energy Offshore Services kr 1,20 -2,91 %
Eqva ASA (XOSL:EQVA) Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,71 -3,90 %
Hexagon Purus ASA (XOSL:HPUR) Hexagon Purus kr 19,94 -7,26 %
Havila Kystruten AS (XOSL:HKY) Havila Kystruten kr 0,99 -50,10 %
* Kurs i SEK

Publisert: 28.07.2023 10:51

Sist oppdatert: 28.07.2023 16:57

Mer om