Roger Hofseth foto Ogne
VEKST: Roger Hofseth er primus motor, stor aksjonær og styremedlem i Hofseth Biocare. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kurshopp for Hofseth etter halvårstal

Atlantic Sapphire vart dagens store tapar og stupte meir enn 50 prosent.

25.08.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Fredag føremiddag var aksjekursen til Hofseth Biocare opp over 12 prosent samanlikna med sluttkursen torsdag.

Halvårs- og 2. kvartalsrapporten til selskapet fortel om ei auke i salet frå 25,8 millionar kroner i 2. kvartal 2022 til 52,9 millionar kroner i 2. kvartal 2023 (sjå tabell under).

Det er tal aktørane i aksjemarknaden sette pris på, sjølv om kursen fall tilbake på ettermiddagen og enda med ein oppgang på 5,61 prosent.

Selskapet går framleis i minus på den vanlege drifta, men underskotet krympar med aukande sal.

Les børsmelding her

Atlantic Sapphire-aksjen hadde motsett utvikling fredag med eit kursfall som tiltok utover dagen. Ved stengetid var halvparten av verdien forsvunne i løpet av dagen.

Selskapet som driv med landbasert oppdrett av laks i Florida i USA, melde torsdag kveld om tredobla tap, problem med fiskeveksten og behov for meir pengar. No ligg det an til ein større emisjon før selskapet kan gå vidare.

Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vestnes og kursutviklinga har vore katastrofal dei siste åra. Frå eit toppnivå på meir enn 140 kroner aksjen for drygt to år sidan, slutta aksjen fredag på 2,21 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs avslutta veka med ein opptur på 0,29 prosent til 1.231,94 poeng.

Hofseth Biocare ASA
1. halvår. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt121,256,6
Driftsresultat-28,1-60,3
Resultat før skatt-32,1-64,1
Hofseth Biocare ASA
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt76,425,8
Driftsresultat8,4-26,8
Resultat før skatt5,8-28,8

Hofseth skilde ut prostataselskap
Hofseth Biocare vidareforedlar råstoff baserte på avskjer og restråstoff frå lakseslakteri og lagar ingrediensar og ferdige produkt, både for kjæledyrfôr-marknaden, helsekostmarknaden og arbeider og med å utvikle legemiddelprodukt.

I andre kvartal skilde selskapet ut verksemda si med å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft og fekk med investorar i eit eige selskap i USA for å halde fram med utviklingsarbeidet.

Transaksjonen gjorde at Hofseth Biocare kunne bokføre ei inntekt på 23,5 millionar kroner. Det gjer at selskapet kan vise til overskot i 2. kvartal i år.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Composites kr 35,72 5,68 %
Hofseth Biocare kr 3,20 5,61 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,99 4,91 %
Hexagon Purus kr 18,90 3,73 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,22 2,52 %
Hav Group kr 10,05 0,90 %
Nortel kr 27,00 0,75 %
Salmon Evolution kr 6,27 0,64 %
Sparebanken Møre kr 76,98 0,10 %
Havila Kystruten kr 1,23 -1,21 %
Statt Torsk kr 0,39 -2,28 %
Norva 24 Group* 21,40 kr -3,17 %
Endúr kr 38,10 -4,27 %
Havila Shipping kr 9,50 -4,81 %
Arctic Bioscience kr 8,80 -6,18 %
Atlantic Sapphire kr 2,21 -50,95 %
* Kurs i SEK

Publisert: 25.08.2023 10:11

Sist oppdatert: 25.08.2023 17:13

Mer om