Børsdagen: Med kurs for hovudlista i juni
Golden Energy-reiarlaget har formelt skifta namn og blitt allmennaksjeselskap.
Saka blir oppdatert med børstabell for Nordvestlandet etter børsen stenger
Golden Energy Offshore Services er formelt omdanna til eit allmennaksjeselskap og lagt til ASA i namnet etter generalforsamlinga før helga. Det opplyser Ålesund-reiarlaget i ei børsmelding tysdag.
Selskapet fortalde tidleg i mai om planane for å notere reiarlaget på hovudlista til Oslo børs.
På generalforsamlinga vart både grepet med å lage om reiarlaget til eit allmennaksjeselskap, søknad om notering på hovudlista og namneendringa godkjent. Det vart også ein aksjesplitt der 20 gamle aksjar, blir omgjort til 1 ny, opplyser selskapet i ei melding.
Før aksjen er i handelen på hovudlista, må ein gjennom ein søknadsprosess som gjerne tek nokre veker.
Dagleg leiar Per Ivar Fagervoll seier til Nett No at dei har sett seg som mål å vere på hovudlista innan utgangen av juni.
Offshorereiarlaget er i dag notert på Euronext Growth, som er ein marknadsplass med mindre krav til selskapa som er notert.
Generelt vil ei notering på hovudlista bli oppfatta som eit kvalitetsstempel i investormarknaden. Det stiller mellom anna auka krav til rapportering og likviditet.
Golden Energy Offshore Services har vore svært optimistiske til utviklinga i marknaden for forsyningsskip til offshoremarknaden.
– Det er veldig mykje aktivitet om dagen. Vi har alle båtane i arbeid på attraktive vilkår og i tråd med dei forventingane vi har til marknaden, fortalde Fagervoll for tre veker sidan.
Aksjekursen til reiarlaget fall tysdag mer meir enn tre prosent, etter at den starta med oppgang. Så langt i år har kursen stige kring 24 prosent.
Hofseth Biocare fekk størst auke av aksjane til dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag, etter eit fall før helga.
Arctic Bioscience fall mest av selskapa frå regionen (sjå børstabell under)
Hexagon Purus fekk liten effekt av at selskapet fekk stadfesta sin intensjonsavtale med Hino Trucks om levering av batteripakkar, trass i verdien på heile 21 milliardar kroner.
Kursen steig bratt frå under 7 kroner til 7,58 kroner etter opninga - før den fall tilbake.
Saka blir oppdatert med børstabell for Nordvestlandet etter børsen stenger
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hofseth Biocare | kr 2,15 | 5,91 % |
Havila Kystruten | kr 0,98 | 1,98 % |
Hav Group | kr 10,85 | 0,93 % |
Salmon Evolution | kr 7,50 | 0,40 % |
Endúr | kr 51,00 | 0,39 % |
Sparebanken Møre | kr 85,80 | 0,35 % |
Hexagon Purus | kr 6,92 | -0,14 % |
Romsdal Sparebank | kr. 109,40 | -0,55 % |
Norva 24 Group* | kr. 27,05 | -0,73 % |
Hexagon Composites | kr 22,60 | -1,31 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 35,01 | -3,02 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,06 | -4,15 % |
Havila Shipping | kr 5,75 | -5,74 % |
Arctic Bioscience | kr 9,35 | -6,50 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 21.05.2024 15:29
Sist oppdatert: 21.05.2024 16:58