Hexagon Purus Hino Tern RC8 foto hino truck
STARTAR SERIEPRODUKSJON: Den nye lastebilen skal serieproduserast ved anlegget til Hexagon Purus ved den amerikanske byen Dallas. Samarbeidet med Toyota-selskapet Hino Trucks har gått føre seg i lengre tid. Foto: Hino Trucks
Nytt

Inngår avtale verdt meir enn 20 milliardar

Skal levere batteripakkar til lastebilar laga av Toyota-selskap.

Marius Rosbach
20.05.2024

Måndag melder Hexagon Purus at dei har inngått ein avtale med selskapet Hino Trucks om å levere batteripakkar til ein ny type batterielektrisk lastebil.

Avtalen har ein verdi på kring to milliardar amerikanske dollar – eller meir enn 21 milliardar kroner etter dagens kurs, ifølgje børsmeldinga.

Spesialbygd praktisk lastebil
Nullutsleppskøyretøyet blir kalla Tern RC8, og blei lansert under Advanced Clean Transportation-messa i USA, som går føre seg i desse dagar.

– Tern RC8 leverer komforten, påliteligheten og sikkerheten som sjåfører og flåter ønsker, og den er spesialbygd for å være en veldig praktisk lastebil for operatører som integrerer nullutslippslastebiler i sine flåter, uttaler administrerande direktør Morten Holum i Hexagon Purus.

Lastebilane byggjast med chassis frå Hino sin XL-serie og Hexagon Purus sine Dual Gen3 batteripakkar som skal gi betydeleg kraft og rekkevidde, heiter det i meldinga.

Første lastebilen klar mot slutten av året
Den første lastebilen frå serieproduksjonen ved Hexagon Purus sitt nye anlegg i Dallas, blir etter planen levert i slutten av 2024.

I februar varsla selskapet at det hadde inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om leveransar av batteripakkar. Selskapet er del av Toyota-konsernet.

Tidlegare har Hexagon Purus sikra seg avtale med Panasonic om leveransar av battericeller til batterisystema dei lagar. Hexagon Purus-sjefen har tidlegare uttalt at det har vore eit viktig mål å få ei sikker forsyningskjede til produksjonen.

Knut flakk energy observer 11
FLAKK STORAKSJONÆR: Knut Flakk og familien i Ålesund er blant dei største aksjonærane i Hexagon Composites, som er største aksjonær i Hexagon Purus. Dei har også mindre aksjepostar direkte i Hexagon Purus.

Børsfall på nær 40 prosent i år
Hexagon Purus ble skilt ut fra Hexagon Composites og børsnotert i 2020. Kort tid etter noteringa var kursen oppe i meir enn 80 kroner.

Aksjekursen slutta før helga på 6,93 kroner etter eit fall på meir enn seks prosent. Så langt i år har kursen falle kring 38 prosent frå meir enn 11 kroner ved årsskiftet.

Verksemda omfattar produksjon av tankar og -system for hydrogen som energiberer, men óg batterisatsinga som blei satt i gong i 2018, medan verksemda i Hexagon Purus framleis var ein del av Hexagon Composites.

Publisert: 20.05.2024 10:50

Sist oppdatert: 20.05.2024 11:07

Mer om