Golden Energy montasje Energy Passion Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services
ALLE SKIP I ARBEID: Energy Passion er mellom skipa som Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll har i arbeid på lengre kontrakt. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Siktar seg inn mot hovudlista

– Den naturlege vegen å gå, seier Golden Energy Offshore-sjefen – som gjerne vil ha fleire skip.

Marius Rosbach
02.05.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Reiarlaget Golden Energy Offshore vil noterast på hovudlista til Oslo børs, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Offshorereiarlaget er i dag notert på Euronext Growth, som er ein marknadsplass med mindre krav til selskapa som er notert.

Ga ikkje utslag på aksjekursen
Dagleg leiar Per Ivar Fagervoll seier følgjande om motivet til reiarlaget for å ta skrittet over til eit allmennaksjeselskap.

– Det er den naturlege vegen å gå når selskapet er i vekst, seier han til Nett No.

Endringa står på dagsorden til generalforsamlinga den 16. mai, og er avhengig av eit fleirtal der.

Nyheita førte ikkje til større endringar i aksjekursen torsdag.

Kvalitetsstempel for investorane
Generelt vil ei notering på hovudlista bli oppfatta som eit kvalitetsstempel i investormarknaden. Fagervoll påpeiker at det for reiarlaget ikkje er noko skilnad frå rapporteringa dei gjer i dag.

– Vi meiner det er rett plass for oss å vere. Det er også fleire aktørar, både norske og internasjonale, som har mandat til å investere i selskap på hovudlista, legg han til.

Det blir også gjennomført ein aksjespleis i samband med endringa – og 20 gamle aksjar vil svare til éi ny aksje, ifølgje ei anna børsmelding.

– Har alle båtane i arbeid
Golden Energy Offshore Services har vore svært optimistisk til utviklinga i marknaden for forsyningsskip til offshoremarknaden.

Fagervoll seier den vurderinga står ved lag.

– Det er veldig mykje aktivitet om dagen. Vi har alle båtane i arbeid på attraktive vilkår og i tråd med dei forventingane vi har til marknaden, seier han.

Aktuelt å utvide flåten
Reiarlaget utvida i fjor flåten ved å kjøpe fem skip for nesten ein milliard kroner i fjor. Eitt av desse blei selt med kjapp gevinst, som gjer at reiarlaget har sju skip i flåten.

Sjølv om dei nyleg har sikra seg ny tonnasje, ser ikkje reiarsjefen vekk frå at det kan bli endå fleire nye skip framover.

– Vi har sagt at vi skal vekse vidare, men det vil vere ei avveging mellom vekst og lønnsemd, påpeiker Fagervoll.

Då reiarlaget rapporterte tal for 4. kvartal i fjor, vart det opplyst at det kunne blir aktuelt å betale utbytte til aksjonærane. Fagervoll fortel at det vil vere naturleg å vurdere utbyttekapasiteten mot slutten av 2024.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 10,50 7,14 %
Atlantic Sapphire kr 0,95 4,40 %
Norva 24 Group* 3,50 %
Hofseth Biocare kr 2,04 0,49 %
Hav Group kr 8,96 0,22 %
Sparebanken Møre kr 85,00 0,09 %
Salmon Evolution kr 7,28 0,00 %
Havila Kystruten kr 0,86 -0,58 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,86 -0,80 %
Hexagon Composites kr 16,56 -1,31 %
Endúr kr 48,05 -1,84 %
Havila Shipping kr 6,31 -5,11 %
Hexagon Purus kr 5,01 -5,47 %
* Kurs i SEK

Publisert: 02.05.2024 15:10

Sist oppdatert: 02.05.2024 17:10

Mer om