Sjå Børstabell for Nordvestlandet under saka
På ein sterk børsdag vart Havila Shipping dagens tapar av aksjane frå Nordvestlandet tysdagen. Kursen til offshorereiarlaget fall brått frå start til under 1,20 kroner aksjen.
Utover dagen blei litt av fallet henta inn og aksjen litt kring 1,25 kroner og ein nedgang på knappe ti prosent.
Verdifallet har truleg å gjere med at tre bankar har gjort krav om arrest i skipet Havila Herøy. Nyheita kom etter børsen tok påskefri seint onsdag 1. april og har samanheng med ein rettsstrid reiarlaget er i.
Havila Shipping påpeiker i børsmeldinga at dei er usamd i kravet om arrest og at deil vil ta det for retten.
I vekene før påska hadde Havila Shipping-aksjen stort sett følgt oljeprisen oppover, og var på eit tidspunkt oppe i nær 1,8 kroner aksjen.
Lenge låg hovudindeksen på Oslo børs an til ny rekord med god margin. Mot slutten av dagen fall indeksen litt tilbake, men det haldt til ny rekordnotering på 2080,56 poeng etter ein oppgang på 1,34 prosent.
Høgare oljepris dreiv kursane opp. Eit fat Brent-olje låg ved stengetid på 108 dollar fatet.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,44 | 4,24 % |
| Atlantic Sapphire | kr 1,20 | 5,26 % |
| Endúr | kr 103,00 | -1,53 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 9,25 | 3,93 % |
| Hav Group | kr 9,10 | 2,99 % |
| Havila Kystruten | kr 51,50 | 1,38 % |
| Havila Shipping | kr 1,25 | -9,78 % |
| Hexagon Composites | kr 9,76 | -3,75 % |
| Hexagon Purus | kr 1,14 | -0,70 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,41 | 0,00 % |
| Tinde Sparebank | kr 117,00 | 0,90 % |
| Salmon Evolution | kr 4,96 | 0,71 % |
| Sparebanken Møre | kr 120,20 | 2,37 % |
Les også
Publisert: 07.04.2026 16:08
Sist oppdatert: 07.04.2026 16:55






