Børsdagen: Nestlè-effekten er borte
Ein intensjonsavtale i USA gjorde at Hofseth Biocare-aksjen fauk rett opp. No er den attende på startpunktet.
24. juni 2019 offentleggjort Hofseth Biocare i Ålesund ein intensjonsavtale om at Garden of Life og Hofseth Biocare skal samarbeide om marknadsføring og utvikling av Hofseth Biocare sine helsekostprodukt, samt at Garden of Life får einerett på sal av Hofseth Biocare-produkt i USA.
Blei avtalen bindande ville den gjere Hofseth Biocare til eit selskap med overskot, sa toppsjef og storaksjonær Roger Hofseth.
Les også
Blir intensjonsavtalen med Nestlé-selskapet Garden of Life bindande kjem Hofseth Biocare i pluss.
Hofseth Biocare aukar produksjonen, men har 99 millionar i minus hittil i år.
Før denne avtalen vart offentlegjort var aksjekursen 2,54 kroner.
Meldinga starta ein bratt opptur for Hofseth Biocare-aksjen som toppa seg 26. november 2019. Då var ein aksje i Hofseth Biocare verdt 10,93 kroner.
Med aksjekursen som målestokk er forventningane som vart skapt i 2019 ikkje innfridd. Hofseth Biocare har vekst, men framleis store underskot.
I dag var aksjekursen 2,50 kroner aksjen etter eit fall på 6,44 prosent sidan i går.
Det er under verdien frå før meldinga om Nestlé- avtalen kom i juni 2019.
Nedturen for aksjekursen har vore slakkare enn oppturen i 2019 og så seint som ved starten av 2022 var kursen 6,9 kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Nortel | 21,20 | 6,00 % |
Statt Torsk | 1,62 | 2,53 % |
Norva 24* | 33,72 | 2,18 % |
Hexagon Composites | 28,16 | 1,66 % |
Sparebanken Møre | 79,15 | 0,85 % |
Havila Shipping | 11,90 | 0,34 % |
Endúr | 32,00 | 0,02 % |
Havila Kystruten | 10,70 | -0,93 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,97 | -1,33 % |
Salmon Evolution | 8,13 | -1,69 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,34 | -1,84 % |
Arctic Bioscience | 12,65 | -1,94 % |
Hav Group | 8,48 | -2,53 % |
Hexagon Purus | 21,78 | -2,94 % |
Hofseth Biocare | 2,50 | -6,02 % |
Atlantic Sapphire | 6,97 | -6,44 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 28.12.2022 17:00
Sist oppdatert: 29.12.2022 03:07