Havila Castor ankomst bergen Tor Johan Pedersen Arne Johan Dale Bent Martini Foto Havila Kystruten
MANGLAR TO: Sals- og markedsdirektør Tor Johan Pedersen, finansdirektør Arne Johan Dale og administrerende direktør Bent Martini tok imot Havila Castor i Bergen. Selskapet har førebels berre to av fire skip i rute. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Ny botnrekord for Kystruten

Kraftig kursfall for reiarlag og landbasert oppdrett. Sjekk børstabellen for Nordvestlandet.

02.05.2023

Aksjekursen i Havila Kystruten fall frå 9,28 kroner aksjen ved børsslutt fredag, til 8,10 kroner aksjen då handelen på Oslo Børs opna torsdag.

Då handelen slutta var kursen på 8,26 kroner aksjen, som utgjer eit fall på nær 11 prosent i løpet av dagen - og ny botnotering. Tidlegare botnnotering var ni kroner aksjen.

Det vart også ein raud dag for hovudindeksen på Oslo børs med eit fall på 1,47 prosent til 1 208,41. Etter å ha starta positiv, blei børsen trekt ned av kraftig fall i oljeprisen.

Har fått lisensar - men er ikkje i mål
Kursfallet for Havila Kystruten er truleg ein reaksjon på børsmeldinga selskapet kom med fredag ettermiddag, etter at børsen hadde stengt for dagen.

Herøy-reiarlaget har no fått dei naudsynte lisensane for å refinansiere selskap og skip. Dermed kan selskapet fri seg frå banda til den opphavlege långivaren - det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som er råka av sanksjonane mot Russland etter at krigen i Ukraina.

Pengane til GTLK blir sett på ein sperra konto og står der så lenge sanksjonane varer, medan Havila Kystruten finn seg nye långivarar.

Laksefall
Salmon Evolution kom óg med ei børsmelding i løpet av langhelga, med bodskap som investorane ikkje likte.

Aksjen til selskapet slutta dagen på 7,04 kroner aksjen. Det svarar til eit fall på 10,32 prosent.

Salmon Evolution driv med landbasert oppdrett i Indre Harøy i Romsdal og varsla i helga om auka dødlegheit hos deler av laksen. Ein gjellesjukdom påført utanfrå er årsaka mistenker selskapet.

Problem med biologien har gradvis svekka tilliten til eit anna selskap innan landbasert oppdrett, Atlantic Sapphire. Dei driv anlegg ved Miami i Flordia.

Dei to selskapa driv oppdrett med ulike teknologiar for vassinntak og vassbehandling, men det spelar truleg lita rolle i vurderinga hos investorane på kort sikt. I dag er utviklinga i Salmon Evolution-kursen truleg prega av historia til Atlantic Sapphire.

Fleire hindringar på vegen
At Havila Kystruten har fått det naudsynte klarsignalet skulle i seg sjølv vere ei gladmelding, men dessverre for selskapet og investorane er det framleis hindringar som må passerast før refinansieringa er på plass.

Også långivarar i USA og Storbritannia - svært sentrale land i internasjonale finans - treng lisensar for å vere med på ei refinansiering av Havila Kystruten. Kan dei vere med blir tilfanget av moglege finansieringskjelder vesentleg utvida.

I september i fjor melde Havila Kystruten at selskapet hadde funne långivarar som kunne erstatte GTLK.

"Havila Kystruten har inngått avtaler om refinansiering av selskapet skip. Finansieringen utgjør samlet 370 millioner euro og dekker betaling til Tersan ved levering av Havila Polaris og Havila Pollux samt innløsning av eksisterende gjeld knyttet til alle skipene.", skreiv selskapet i ei børsmelding.

I september i fjor venta Havila Kystruten også at Havila Polaris skulle settast i trafikk seinast 29. desember 2022 og Havila Pollux seinast 22. mars 2023.

Endra vilkår
Dessverre gjekk det ikkje slik selskapet hadde venta. Vilkåra har endra seg etter børsmeldinga i september 2022, seier finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten.

- Etter det har vi fått dommen som seier korles oppgjeret skal skje og sanksjonsregelverket har blitt stramma inn, seier han.

Konsekvensen er at mellom anna at også amerikanske og britiske långivarar treng ein lisense for å vere med på ei refinansiering, som Havila Kystruten har leigd hjelp frå Arctic Securities og Fearnley Securities for å få til.

I børsmeldinga fredag 28. april varsla Havila Kystruten ei ny utsetjing for Havila Polaris (12. juni) og 18. juni for Havila Pollux.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk 0,9 5,88 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,25 3,17 %
Nortel 32 1,27 %
Hofseth Biocare 3,4 0,00 %
Sparebanken Møre 76 -0,25 %
Arctic Bioscience 10,65 -0,47 %
Norva24 Group * 27,8 -1,07 %
Hav Group 10,6 -1,40 %
Hexagon Composites 31,78 -1,67 %
Atlantic Sapphire 4,905 -2,87 %
Hexagon Purus 21,8 -3,11 %
Havila Shipping 15,04 -4,45 % |
Endúr 42,5 -5,56 %
Golden Energy Offshore Services 1,098 -7,26 %
Salmon Evolution 7,04 -10,32 %
Havila Kystruten 8,26 -10,99 %

Publisert: 02.05.2023 11:30

Sist oppdatert: 02.05.2023 17:08

Mer om