20220511 085121 2
NÆR LØYSING: Mykje motbør for Per Sævik og Bent Martini i Havila Kystruten, her framfor Havila Castor. No nærmar det seg at alle fire skipa er i rute. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kan overta Polaris og Pollux – jaktar nye investorar

Dei to siste Havila Kystruten-skipa vert klare i juni. Skal finne nye investorar til å betale skipa.

28.04.2023

I ei børsmelding fredag opplyser Havila Kystruten at selskapet har fått nødvendig løyve med Central Bank of Ireland til å betale gjeld, i tillegg til å verte løyst frå sanksjonane til dei russiske långivarane, for å få frigitt dei to siste skipa frå Tersan-verftet i Tyrkia.

Havila Kystruten har også fått løyve med Utanriksdepartementet til å betale gjelda som selskapet har overfor dei russiske långivarane, og at dette er innanfor sanksjonsreguleringane.

Jaktar investorar
I tillegg søker ein også lisens i USA og Storbritannia, slik at investorar og långivarar derifrå kan delta i finansieringa av skipa, saman med investorar og långivarar i Skandinavia og EU.

Havila Kystruten har hyrt inn Arctic Securities og Fearnley Securities til å finne investorar og långivarar som kan finansiere flåten.

Prosessen med å få frigitt skipa og finne ny finanisering har tatt lang tid, og Havila Kystruten har nok ein gong sett seg nøydd til å utsetje seglingane med dei siste skipa.

Oppstart i juni
Det siste no er at Havila Polaris vil starte rundreisa frå Bergen 12. juni, medan Havila Pollux startar 18. juni.

Selskapet melder samstundes om godt sal, og ein har nærare 70 prosent belegg I første kvartal.

Rundt 50 prosent av kapasiteten for alle fire skipa er alt seld for 2023.

Publisert: 28.04.2023 20:54

Sist oppdatert: 28.04.2023 21:17

Mer om