Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Kvartalsrapporten frå Hexagon Purus om at selskapet ventar dårlegare utvikling enn det som er spådd tidlegare, gjorde at aksjekursen fall frå start tysdag. Etter kort tid var Hexagon Purus-kursen ned drygt 25 prosent.
Fasiten då handelen var ferdig var eit fall på 28,5 prosent til 2,12 kroner - ny botnnotering for aksjen.
Også Hexagon Composites blei drege med ned, og hadde fall drygt 10 prosent i løpet av dagen.
Hexagon Purus lagar lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og leverer samtidig batteriløysingar.
Det er spesielt sistnemnte marknad som sviktar i USA, grunna stor usikkerheit om den vidare politikken i landet etter presidentskiftet.
Hexagon Purus-sjef Morten Holum erkjente under resultatpresentasjonen at selskapet no var i ein ny situasjon. Han venta eit svakt første halvår – spesielt første kvartal - og eit sterkare siste halvår i 2025.
For å møte utfordringane vil selskapet mellom anna redusere kostnadene med kring 200 millionar, og seie opp 15 prosent av staben i løpet av første halvår.
Hexagon Purus var skilt ut frå Hexagon Composites og børsnotert i desember 2020.
Då var forventingane på børsen høge til alt som kunne kallast grønt og miljøvenleg. På topp, like etter børsnotering, var aksjekursen oppe i over 80 kroner.
Hexagon Composites, der Knut Flakk er styreleiar og aksjonær, er framleis største eigar i Hexagon Purus. Dette selskapet lager tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.
Flakk-familien har samtidig ein mindre eigardel i Hexagon Purus via eitt av selskapa deira.
Salmon Evolution, som driv landbasert oppdrett på Indre Harøy på Romsdalskysten, la tysdag også fram rapport for 4. kvartal i fjor.
Dei kunne vise til kraftig vekst og selskapet ventar å levere 20 prosent meir laks i år, enn i fjor.
Aksjen fall likevel frå start og emda med ein nedgang på 3,39 prosent til 6,85 kroner.
Det verdsett selskapet til knappe 3,2 milliardar kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs hadde ein solid opptur med ei auke på 1,18 prosent til 1505,01 poeng.
Les også
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | kr 80,50 | 5,92 % |
Havila Kystruten | kr 0,90 | 3,57 % |
Hav Group | kr 5,94 | 3,13 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 19,10 | 0,53 % |
Sparebanken Møre | kr 100,80 | 0,50 % |
Hofseth Biocare | kr 3,10 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 123,50 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 24,90 kr | -0,20 % |
Arctic Bioscience | kr 2,86 | -1,38 % |
Havila Shipping | kr 1,43 | -2,59 % |
Salmon Evolution | kr 6,85 | -3,39 % |
Atlantic Sapphire | kr 11,00 | -6,38 % |
Hexagon Composites | kr 34,40 | -10,18 % |
Hexagon Purus | kr 2,12 | -28,50 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 11.02.2025 10:14
Sist oppdatert: 11.02.2025 17:07