Børsdagen: Offshoreopptur og Kystruten-avklaring
Sjekk dagens børstabell for Nordvestlandet.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Offshorereiarlaga Golden Energy Offshore og Havila Shipping var dagens soleklare vinnarar på Oslo børs onsdag. Aksjane var opp med høvesvis 12,77 og 8,25 prosent då børsen stengde.
Aksjen til Ålesund-reiarlaget enda på 1,55 kroner aksjen, og Herøy-reiarlaget på 16 kroner.
Også andre offshorereiarlag og oljeaksjar steig onsdag, saman med oljeprisen – som var opp 0,93 prosent til 87,50 dollar då børsen stengde i Oslo.
Dagens tapar av selskapa frå Nordvestlandet var Arctic Bioscience, som gjekk ned 8,95 prosent til 11,70 kroner aksjen.
Rett etter børsen stengde melde Havila Kystruten at dei også har fått medhald frå irsk rett i prosessen med å frigjere seg frå bindingar til russisk finansiering. Reiarlaget jobbar framleis med å få på plass ei endeleg finansiering for alle fire skipa sine, ifølgje børsmeldinga.
Aksjekursen for reiarlaget enda onsdag med ein oppgang til 10,35 kroner.
Hav Group melde tysdag at dei hadde fått eit gjenombrot med design på eit havvindskip i USA. Det var ingen effekt å sjå av den nyheita onsdag, og aksjen gjekk ned.
Hovudindeksen på Oslo børs svinga, men slutta med ein oppgang på 0,32 prosent til 1.200,01.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Golden Energy Offshore Services | 1,545 | 12,77 % | |
Havila Shipping | 16 | 8,25 % | | |
Norva24 Group * | 35,54 | 4,90 % | |
Atlantic Sapphire | 7,34 | 1,17 % | |
Havila Kystruten | 10,35 | 0,98 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3 | 0,33 % | |
Hexagon Composites | 33,76 | 0,06 % | |
Salmon Evolution | 8,22 | -0,84 % | |
Hexagon Purus | 25,7 | -1,00 % | |
Hav Group | 8,59 | -1,12 % | |
Sparebanken Møre | 79 | -1,25 % | |
Endúr | 27,48 | -1,43 % | |
Statt Torsk | 1,665 | -1,48 % | |
Hofseth Biocare | 2,97 | -3,88 % | |
Nortel | 18,7 | -6,50 % | |
Arctic Bioscience | 11,7 | -8,95 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 18.01.2023 16:41
Sist oppdatert: 18.01.2023 17:11