Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
VINNAR OG TAPAR: Havila Shipping-sjef Njål Sævik måtte sjå aksjen synke etter reiarlaget leverte tall torsdag. Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll (innfelt) blei dagens børsvinnar frå nordvest.
Nytt

Børsdagen: Opp og ned for offshore

Pilane peika motsett veg for dei to reiarlaga frå Nordvestlandet.

Marius Rosbach
01.09.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Golden Energy Offshore Services var fredagens vinnar på Oslo børs mellom selskapa frå Nordvestlandet.

Aksjen steig 11,82 prosent til 1,23 kroner i løpet av dagen. Reiarlaget frå Ålesund melde seint onsdag at dei hadde på plass ein ikkje-bindande avtale om milliardlån for å utvide flåten.

Investorane reagerte først positivt då børsen opna torsdag, men kursen enda likevel ned på slutten av dagen. Fredag haldt oppturen gjennom heile dagen.

Havila Shipping som kom med sin rapport for 2. kvartal seint onsdag, er blitt straffa av investorane i etterkant. Aksjen fall litt torsdag og fredag fortsette kursen nedover - trass i at selskapet kunne melde om forlenging av kontrakt for Havila Subsea.

Aksjen hadde falle 5,13 prosent i løpet av fredagen til 9,07 kroner, då børsen stengde.

Reiarlaget frå Herøy låg lenge an til å bli dagens tapar frå regionen – men blei «forbigått» av Statt Torsk på slutten av dagen. Oppdrettsselskapet er i dialog om framtida, der samanslåing med Vesterålen Havbruk er eitt av alternativa. Fredag fall aksjen 5,85 prosent til 0,50 kroner.

Oslo børs avslutta veka sterkt med ein oppgang på 0,81 prosent til 1 265,81 poeng. Stigande oljepris var mellom årsakene og fleire oljerealerte aksjar hadde ein god dag på børsen.

Eit fat Brent-olje blei handla til over 88 dollar då børsen stengte i Oslo – etter ein oppgang på nær 1,8 prosent i løpet av dagen.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,23 11,82 %
Norva 24 Group* 24,20 kr 8,52 %
Hofseth Biocare kr 3,20 3,90 %
Endúr kr 40,00 1,01 %
Atlantic Sapphire kr 2,40 0,00 %
Hexagon Composites kr 37,76 0,00 %
Hav Group kr 9,70 0,00 %
Salmon Evolution kr 6,20 -0,32 %
Havila Kystruten kr 1,09 -0,46 %
Sparebanken Møre kr 76,49 -0,66 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,97 -0,67 %
Arctic Bioscience kr 9,42 -0,84 %
Nortel kr 25,00 -2,34 %
Hexagon Purus kr 19,00 -2,96 %
Havila Shipping kr 9,07 -5,13 %
Statt Torsk kr 0,50 -5,85 %
* Kurs i SEK

Publisert: 01.09.2023 17:21

Sist oppdatert: 01.09.2023 17:24

Mer om