Forlengjer avtale for Havila Subsea
Sikra arbeid ut 2024.
Haugesund-baserte Reach Subsea forlengjer avtalen om å leige Havila Subsea eitt ekstra år. Det gjer at skipet er utleigd ut 2024.
Skipet er i dag i Brasil.
Reach Subsea inngjekk ei leigeavtale om å leige skipet frå 1. oktober 2021 til slutten av 2023, med opsjon om å forlengje avtalen eitt år til. Den opsjonen har selskapet no brukt.
Havila Shipping driv 17 skip, 10 av dei eigd av reiarlaget, sju for andre.
Per i dag er 14 skip utleigd på lengre avtalar, ifølgje administrerande direktør Njål Sævik.
Reach Subsea leigde Havila Subsea allereie i 2017, ein leigeavtale som gjorde at skipet vart tatt ut av opplag.
Skipet har mellom anna blitt brukt til å undersøkje gassrøyleidningar mellom Noreg og Tyskland etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina og blitt brukt til arkelogiske undersøkjingar i Svartehavet.
Les også
Spotmarknaden bidrog til betre drift for Havila Shipping – men kvartalsresultatet enda i raudt.
Havila Shipping leiger ut subsea-skipet Havila Subsea fram til 2020.
Equinor har hyrt inn Havila-skipet for å undersøke Europipe 2 mellom Norge og Tyskland.
Publisert: 01.09.2023 10:26
Sist oppdatert: 01.09.2023 10:27