Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
BETRING: Havila Shipping-direktør Njål Sævik leverte ein rapport for 2. kvartal som viser at skipa får betre betalt for oppdraga. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Segla inn meir pengar med færre skip

Spotmarknaden bidrog til betre drift for Havila Shipping – men kvartalsresultatet enda i raudt.

Marius Rosbach
30.08.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Havila Shipping leverte onsdag ettermiddag sin rapport for andre kvartal i år.

Den viser at reiarlaget frå Herøy hadde høgare frakteinntekter frå flåten, samanlikna med både første kvartal og same kvartal i fjor – trass i at dei hadde ein båt mindre.

Les børsmelding (ekstern lenke)

Får betre betalt
Havila Shipping seglar no med 17 fartøy og eig sjølv 11 av desse, etter at Havila Phoenix blei overlevert til ny eigar i januar i år.

Betre ratar i spotmarknaden for både ankerhandteringsskip og forsyningsskip har bidrege til å auke inntektene, i tillegg til høgare inntekter frå inngåtte kontraktar, opplyser selskapet i rapporten.

Etter inntekter på 205 millionar, enda kvartalet med eit driftsresultat på 62 millionar. Resultat før skatt enda på 5,4 millionar kroner i minus (sjå tabell under).

Børsverdien halvert i år
Medan Havila Shipping skreiv opp skipsverdiane i første kvartal, er det ikkje gjort endringar i andre kvartal. Reiarlaget hadde 359 tilsette sjøfolk og 15 tilsette på land ved utgangen av andre kvartalet.

Rapporten ble sendt ut kring stengetid for børsen og gjorde at det knapt var nokon reaksjon frå investorane.

Havila Shipping-aksjen enda opp 0,83 prosent til 9,68 kroner. Aksjeverdien for reiarlaget på Oslo børs er om lag halvert sidan årsskiftet.

Nedtur for Hav Group
Hav Group leverte også sine kvartalstal onsdag morgon. Dei viste eit stort pluss i perioden, men utsikter til mindre marginar resten av året. Etterpå sende investorane aksjen ned med 1,98 prosent til 9,90 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs stengte onsdag opp 0,39 prosent til 1 252,12 poeng.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Havila Shipping Asa
Pr. 2. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
581
435,2
Driftsresultat
284,8
138,7
Resultat før skatt
112,9

17,4




Hav Group ASA


2. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
205,9
287,3
Driftsresultat
62,9
139,3
Resultat før skatt
-5,4
33,6

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner
%-endring i dag
Arctic Bioscience
9,50
6,50 %

Eqva (tidl. Havyard Group)
2,99
3,10 %

Atlantic Sapphire
2,30
2,91 %

Norva 24 Group*
22,50
2,27 %

Endúr
40,00
1,01 %

Havila Shipping
9,68
0,83 %

Hofseth Biocare
3,15
0,32 %

Salmon Evolution
6,14
0,16 %

Nortel
27,00
0,00 %

Hexagon Purus
18,96
-0,21 %

Sparebanken Møre
75,97
-1,18 %

Hexagon Composites
36,86
-1,86 %

Hav Group
9,90
-1,98 %

Havila Kystruten
1,14
-3,39 %

Golden Energy Offshore Services
1,12
-3,95 %

Statt Torsk
0,43
-10,42 %

* Kurs i SEK







Publisert: 30.08.2023 17:03

Sist oppdatert: 30.08.2023 17:06

Mer om