Atlantic sapphire fase 2 florida foto atlantic sapphire
FLORIDA: Atlantic Sapphire har adresse i Vestnes, men verksemda skjer i all hovudsak i Florida, der dei er i gong med andre byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Opptur etter nedjustering

Marius Rosbach
01.07.2022

Atlantic Sapphire var fredagens børsvinnar frå Nordvestlandet med ein oppgang på 6,6 prosent til 20,50 kroner.

Kursen er den same som som emisjonskursen tidlegare i veka, då Vestnes-selskapet sikra seg 1,2 milliardar kroner i ny eigenkapital.

Oppgangen fredag kjem til trass for at DNB Markets nedjusterte sitt kursmål for aksjen frå 50 til 35 kroner.

Selskapet satsar på landbasert oppdrett i den amerikanske delstaten Florida. Pengane frå emisjonen skal mellom anna gå til byggetrinn to av anlegget deira her.

Dagens tapar mellom selskap frå nordvest var Havila Shipping med ein nedgang på 7,4 prosent til 14,26 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med eit nytt fall på 0,57 prosent.

Oljeprisen gjekk opp i løpet av fredagen, og eit fat nordsjøolje var ved børsslutt opp 1,12 prosent til 110 dollar fatet.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 20,5 6,60 %
Norva24 Group * 35,53 4,22 %
Sparebanken Møre 75,91 2,15 %
Havila Kystruten 18,95 1,88 %
Salmon Evolution 7,65 1,59 %
Arctic Bioscience 13,7 1,48 %
Hexagon Composites 27,18 0,89 %
Golden Energy Offshore Services 1,91 0,26 %
Nortel 19 0,00 %
Havyard Group 3,6 -0,28 %
Hav Group 13,7 -1,44 %
Endúr 24 -1,60 %
Hofseth Biocare 3,73 -1,84 %
Statt Torsk 1,955 -2,74 %
Hexagon Purus 24,7 -3,21 %
Havila Shipping 14,26 -7,40 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 01.07.2022 16:46

Sist oppdatert: 01.07.2022 17:30

Mer om