Børsdagen: Emisjon sende kursen ned
Atlantic Sapphire og Statt Torsk var børstapare blant selskap på Nordvestlandet.
Begge selskapa lukkast med å hente inn ny kapital i løpet av ettermiddagen i går og utover natta natt til onsdag.
Atlantic Sapphire nådde målet om å hente inn 1,2 milliardar kroner, som skal finansierer andre byggesteg av selskapet sitt landbaserte lakseoppdrettsanlegg ved Miami i Florida.
Statt Torsk henta inn 41,3 millionar kroner, for å finansiere utsett av meir fisk i oppdrettsanlegga i sjøen.
Begge selskapa henta inn meir eigenkapital til aksjekursar ned mot dei lågaste aksjekursane selskapa har hatt sidan dei gjekk på børs.
Atlantic Sapphire inviterte investorane til sette kursen, gjennom ein såkalla"bookbuilding" prosess. Til 2,50 kroner aksje var det mange nok som let seg friste til at pengane kom på plass.
Statt Torsk valde å sette kursen til to kroner og satse på at det skulle vere lågt nok til å hente inn mellom 26,7 og 50 millionar kroner i ny eigenkapital. Fasiten blei 41,3 millionar kroner, som selskapet truleg er godt nøgd med.
I og med at emisjonskursen var lågare enn aksjekursen då børsen stenge handelen tysdag ettermiddag, fall kursen både i Statt Torsk og Atlantic Sapphire i dag (sjå tabell).
Statt Torsk-kursen fall ned til emisjonskurs, medan dei som forplikta seg til å gå inn med pengar i Atlantic Sapphire framleis hadde ein liten gevinst samanlikna med sluttkursen i dag.
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,84 prosent onsdag.
Størst opptur blant selskapa på Nordvestlandet hadde Golden Energy Offshore Services, med 7,45 prosent.
Offshorereiarlaget har stige 169 prosent hittil i år. Men siste månaden har det svinga feil veg for Golden Energy Offshore Services-aksjonærane, med eit kursfall på 4,3 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 2,02 | 7,45 % |
Havila Kystruten | 19,5 | 6,56 % |
Arctic Bioscience | 14,2 | 5,19 % |
Norva 24* | 35,985 | 1,35 % |
Hofseth Biocare | 3,64 | 1,11 % |
Havila Shipping | 17 | 1,07 % |
Hav Group | 14,7 | -0,54 % |
Nortel | 19 | -1,04 % |
Sparebanken Møre | 75,99 | -1,55 % |
Endúr | 24 | -2,04 % |
Havyard Group | 3,465 | -2,53 % |
Hexagon Purus | 27,36 | -3,32 % |
Salmon Evolution | 7,6 | -3,80 % |
Hexagon Composites | 27,14 | -4,71 % |
Atlantic Sapphire | 20,7 | -6,76 % |
Statt Torsk | 2 | -11,11 % |
* I svenske kroner |
Publisert: 29.06.2022 17:03
Sist oppdatert: 29.06.2022 18:46