Flakk med nye hotellplanar
STOREIGAR: Knut Flakk og familien er største eigar i Hexagon Composites - som igjen er største eigar i hydrogenselskapet Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur for hydrogenselskap

God dag for Hexgon Purus, men store verdiar er fordufta over sommaren.

Marius Rosbach
08.09.2022

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hexagon Purus var mellom torsdagens børsvinnarar av selskapa frå Nordvestlandet. Aksjen steig 5,36 prosent i løpet av dagen til 23,58 kroner.

Selskapet med hovudkontor i Ålesund lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Hexagon Composites – der Flakk-familien i Ålesund er største eigar - eig tre firedelar av aksjane i Hexagon Purus.

Sluttkursen torsdag prisar selskapet til om lag 6,1 milliardar kroner.

Hexagon Purus-aksjen har likevel falle betydeleg i løpet av dei siste månadene. Ved inngangen til sommaren var aksjen oppe i nær 35 kroner, men i løpet av dei siste dagane har den vore nede på 21-tallet.

Toppnoteringa kom i april med 45,5 kroner aksjen – som prisa selskapet til meir enn ti milliardar.

Også Arctic Bioscience hadde ein solid opptur og blei dagens børsvinnar frå regionen. Havyard Group hadde den dårlegaste utvikling av selskapa frå nordvest.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,56 prosent til 1,185, 91, etter ein tung dag onsdag.

Børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 14,5 7,41 %
Hexagon Purus 23,58 5,36 %
Salmon Evolution 8,35 3,47 %
Havila Shipping 10,14 1,81 %
Endúr 27,5 1,46 %
Statt Torsk 2,2 0,92 %
Sparebanken Møre 70,35 0,36 %
Hexagon Composites 26,46 0,30 %
Golden Energy Offshore Services 1,805 0,28 %
Hofseth Biocare 3,34 -0,30 %
Norva 24* 30,1 -0,97 %
Hav Group 12,3 -1,28 %
Havila Kystruten 17 -2,30 %
Nortel 21,4 -2,73 %
Atlantic Sapphire 17,76 -5,38 %
Havyard Group 3,3 -6,65 %
*Svenske kroner

Publisert: 08.09.2022 16:21

Sist oppdatert: 08.09.2022 18:13

Mer om