Børsdagen: Oppturen gir meir interesse for skipa
Offshore var igjen dagens vinnar frå regionen.
SISTE: Milliardemisjon i Atlantic Sapphire
Hovudindeksen på Oslo børs enda opp med 2,15 prosent tysdag.
Mellom vinnarane var igjen offshoreselskap som DOF, Solstad Offshore
og Golden Energy frå Ålesund. Aksjekursen til sistnemnte reiarlag steig
med 7,43 prosent og dermed mest av selskapa frå Nordvestlandet.
Sjå dagens kursutvikling for regionale selskap under
Aksjekursen til måndagens børstapar, Arctic Bioscience, steig nest
mest av selskapa frå regionen tysdag. Kursen enda opp 5,19 prosent til
14,20 kroner.
Hofseth Biocare fekk største fallet av dei regionale selskapa med ein nedgang 5,01 prosent til 3,60 kroner aksjen.
Les også
Tysdag blei det kjent at det Øystein Stray Spetalen-kontrollerte offshoreselskapet Standard Supply kjøper PSV-en Island Defender. Prisen viser vilje til å betale meir for offshore skip enn tidlegare.
Ulstein-baserte Island Offshore skal få betalt 204 millionar kroner for skipet som blei ferdigbygd i 2019. Overleveringa skal skje i oktober.
Det er kring 30 prosent under byggeprisen på 300 millionar for skipet, som dei siste åra har vore i spotmarknaden. Prisen for å bygge eit nytt tilsvarande skip blir anslått til 400-425 millionar, opplyste Standard Supply i ei pressemelding.
Opptur i Nordsjøen
Bakgrunnen for den auka interessa for skipa er oppturen i Nordsjøen med betre rater og utsikter til høg oljepris framover. Det gir utslag i skipsverdiar som i fleire år har vore ei hovudpine for mange reiarlag.
Tidlegare har offshoreskip blitt selt heilt ned til 50-60 millionar kroner, men det har vore skip av eldre årgang. Island Offshore har også oppgradert Island Defender-skipet.
Offshoresatsinga Standard Supply har børsnoterte Standard ETC i ryggen som storeigar, der investor Øystein Stray Spetalen er storaksjonær.
Marknaden måndag reagerte ikkje stort på meldinga om skipskjøpet og kursen enda 2,34 prosent opp. Standard Supply skal etter planen noterast på Euronext Growth-indeksen mot slutten av neste månad.
Kursutvikling for regionale selskap:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
Golden Energy Offshore Services | 1,88 | 7,43 % | |
Arctic Bioscience | 14,2 | 5,19 % | |
Statt Torsk | 2,24 | 3,70 % | |
Sparebanken Møre | 77,19 | 2,92 % | |
Hav Group | 14,78 | 2,64 % | |
Havyard Group | 3,555 | 2,45 % | |
Atlantic Sapphire | 22,2 | 1,83 % | |
Endúr | 24,5 | 1,28 % | |
Havila Kystruten | 18,3 | 1,10 % | |
Salmon Evolution | 7,9 | 1,00 % | |
Hexagon Purus | 28,3 | 0,43 % | |
Hexagon Composites | 28,48 | 0,42 % | |
Havila Shipping | 16,82 | 0,12 % | | |
Nortel | 19,2 | 0,00 % | |
Norva24 Group * | 36,33 | -3,84 % | |
Hofseth Biocare | 3,6 | -5,01 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 28.06.2022 15:47
Sist oppdatert: 28.06.2022 17:17