Christian Pritchard foto Ogne
GRUNNLEGGAR: Christian Pritchard er grunnleggar, dagleg leiar og stor aksjonær i Nortel. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Rekordnotering for Nortel

Meir enn dobla aksjeverdi på eitt år. Og Havila Shipping dobla inntektene samanlikna med i fjor.

23.05.2023

På denne dataen for eitt år sidan vart aksjar i mobiltelefoniselskapet Nortel handla til 16 kroner aksjen.

Så seint som 18. januar i år var kursen 18,70 kroner. Deretter har det gått oppover.

I dag har kursen stige nesten 13 prosent samanlikna med kursen ved børsslutt i går, til 35 kroner aksjen. Det er ny rekord, og verdset Nortel til 658 millionar kroner.

For grunnleggar og dagleg leiar Christian Pritchard betyr dagens kurs at han no har Nortel-aksjar for 107 millionar kroner.

15. mars i år varsla Nortel har selskapet hatt fleire potensielle friarar på døra.

Der varsla selskapet at det ville kome ei avklaring om vegen vidare i løpet av andre kvartal. Sparebank1 Markets og AGP Advokater er leigd inn som rådgivarar.

Løfta kursen, før fall
Offshore-reiarlaget Havila Shipping sende ut børsmelding om 1. kvartalsresultatet klokka 15:04. Driftsinntektene er meir enn dobla samanlikna med 1. kvartal i fjor.

Ein salgevinst på 209 millionar kroner gjer at selskapet har gått frå minus til solid overskot i kvartalet. I 4. kvartal i fjor hadde reiarlaget ein negativ rekneskapsmessig av salet av Havila Phoenix, som blei reversert i 1. kvartal.

Før tala kom låg Havila Shipping an til eit lite kursfall samanlikna med sluttkurs i går, men kvartalsrapporten gav kursen eit lite løft.

Klokka 15:48 var kursen opp 2,19 prosent samanlikna med i går. Ein aksjehandel der 35 aksjar vart omsett heilt på tampen av dagen gjorde at kursen enda på 15,42 kroner, ned 0,52 prosent frå i går.

Dei 17 skipa som Havila Shipping driv har vore i drift 88 prosent av tida i 1. kvartal. Marknaden har vore betre enn i første kvartal for alle fartøya, skriv selskapet i kvartalsrapporten.

Les børsmelding her

Salmon Evolution lag og fram 1. kvartal-rapport i dag tidleg. Kursen steig 0,85 prosent samanlikna med i går.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med tabell over kursutviklinga til børsnoterte selskap på Nordvestlandet

Havila Shipping ASA
1. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt375,1147,9
Driftsresultat221,8-0,5
Resultat før skatt118,3-16,3
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 35,00 12,90 %
Norva 24* 27,70 5,73 %
Havila Kystruten 7,78 4,85 %
Atlantic Sapphire 5,05 4,77 %
Endúr 42,30 3,42 %
Hexagon Purus 22,60 2,26 %
Salmon Evolution 7,16 0,85 %
Hav Group 9,94 0,20 %
Havila Shipping 15,42 -0,52 %
Sparebanken Møre 76,90 -1,09 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,08 -2,22 %
Hexagon Composites 28,26 -2,35 %
Hofseth Biocare 3,29 -3,80 %
Arctic Bioscience 9,78 -4,12 %
Golden Energy Offshore Services 1,06 -5,36 %
Statt Torsk 0,53 -7,07 %
*Svenske kroner

Publisert: 23.05.2023 15:30

Sist oppdatert: 23.05.2023 23:17

Mer om