First smolt release March22 09
SMOLT: Frå utsettet av den første smolten ved anlegget på Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Meiner å ha kontroll med sjukdomsplager

Salmon Evolution snart klar til å satse i Sør-Korea, USA og Canada.

23.05.2023

Salmon Evolution rapporterte 29. april med at selskapet hadde problem med gjellesjukdom og auka dødelegheit ved det landbaserte oppdrettsanlegget på Indre Harøy ved Hustadvika. For deler av fisken var dødelegheita heilt oppe i 7,9 prosent.

No meiner selskapet at ein har fått kontroll på situasjonen og er tilbake til normalen etter å ha gjennomført ei rekke tiltak. Blant anna har ein redusert både temperatur og fôring, meir bruk av UV-stråling av inntaksvatnet, i tillegg til behandling av fisken med ferskvatn.

I samband med rapporten for første kvartal melder selskapet at den daglege dødelegheita er på nivå med det ein hadde før ein starta med ferskvassbehandling av fisken.

Held fast på målet om 100.000 tonn
Problema førde til at aksjekursen fall. Hittil i år er fallet på 14 prosent, men siste dagane har kursen sige litt oppover. Måndag var sluttkursen 7,10 kroner, noko som prisar heile selskapet til vel 2,9 milliardar kroner.

Planen er å produsere 31.500 tonn slakteklar fisk årleg ved indre Harøy, men målet til selskapet er å produsere 100.000 tonn globalt innan 2032. Dette skal skje i stor grad ved vekst utanlands, og selskapet melder om god framgang i arbeidet med å starte opp produksjon i Sør-Korea i eit samarbeid med Dongwon Industries, der Salmon Evolution eig 49 prosent av aksjane, og der den sør-koreanske partnaren skal stå for 75 prosent av finansieringa.

USA og Canada
I tillegg har ein fått på plass selskapsleiing for ei satsing i USA og Canada, der ein no ser på ulike stader å ha produksjon. I april vart Tore-Jakob Reite tilsett som direktør for strategiske prosjekt med fokus på ekspansjon i både USA og Canada. Han har bakgrunn som finansdirektør i Entec Brimer og sjef for akvakultur i Linde Gas.

Salmon Evolution slakta ikkje laks i første kvartal, og hadde dermed berre 2,9 millionar kroner i driftsinntekter.

Totalt har selskapet sett ut fem smolt i fem runder. I tillegg er planen å ha to nye runder i andre kvartal, og ytterlegare tre i andre halvår. Selskapet melder om god vekst i smolten som er utsett.

Salmon Evolution
Resultat 1. kvartal 2023 2022
Driftsinntekter 2,9 6,8
Driftsresultat -22,3 -9,9
Resultat før skatt -32,3 1,5

Publisert: 23.05.2023 08:15

Sist oppdatert: 23.05.2023 08:17

Mer om