Gunnar Larsen Hav Group 4 Q 22 skjermbilde
BETRING: Hav Group-sjef Gunnar Larsen kan sjå tilbake på eit kvartal med betre lønnsemd enn tidlegare. Skjermfoto
Nytt

Ikkje lengre risiko for Kystruten-tap

Eingongseffekt sikra stort pluss for Hav Group. Trur resten av året blir meir magert.

Marius Rosbach
30.08.2023

Rapporten til Hav Group for andre kvartal viser eit overskott på nær 60 millionar kroner for perioden. Av dette utgjer ein reversering av tidlegare tapsavsetningar knappe 47 millionar kroner, ifølgje rapporten.

Utan tapsavsetninga enda driftsresultatet for kvartalet på knappe 13 millionar kroner.

Ny vurdering på spansk tapsavsetning

Bakgrunnen for tapsavsetninga var at Hav Group i fjor vurderte at det kunne vere ein risiko for tap i samband med eit oppdrag dei hadde for det spanske Barreras-verftet.

– Vi har teke ei ny vurdering saman med revisor og funne at det ikkje lengre er grunn til den avsetninga, fortel konsernsjef Gunnar Larsen til NETT NO.

Som kjent skulle det spanske verftet opphavleg bygge to skip for Havila Kystruten, men fekk økonomiske problem. Saka enda i rettssystemet og seint i fjor vann Havila Kystruten fram mot det spanske verftet, og blei tilkjent 450 millionar kroner i ein britisk domstol.

Ventar svakare marginar neste halvår
Kvartalsrapporten for Hav Group viser ei inntektsauke både samanlikna med same kvartal i fjor og første kvartal i år (sjå tabell under).

Også lønnsemda er betre enn tidlegare, noko konsernsjefen seier seg godt nøgd med i børsmeldinga.

Hav Group meiner marknadsutsiktene er positive, men at visse avgjersler om investeringar blir utsett. Kombinert med samansetninga av prosjekta, gjer det at selskapet ventar svakare marginar i andre halvår av 2023.

Selskapet har planar om å få meir inntekter på fullintegrerte leveransar, mellom anna følgje av eit varsla oppkjøp av Undheim System. I løpet av kvartalet vart Hav Group også samde om å bli ein partnar for Pherousa Green Technologies, som har utvikla ein metode for å konvertere ammoniakk til hydrogen som kan nyttast i brenselcellemotorar.

Krava til utsleppskutt veks
Konsernet ser framleis føre seg å nå målet om ei omsetning på 1,3 milliardar i 2025, men omsetninga veks førebels mindre enn venta. Konsernsjef Gunnar Larsen peiker på to årsaker til at selskapet framleis trur på vekstmålet.

– Det er eit kjempestort krav til den maritime næringa både når det gjeld å bygge nye skip, og ombygging av eksisterande fartøy, om å få ned utsleppa, seier Larsen.

Ei rekke reiarlag har no satt seg på gjerdet, i ein marknad der det er stor usikkerheit kring kva løysingar som vil bli å føretrekke.

Men utfordringa med å nå klimamåla for 2050 ligg der framleis – og blir stadig større, påpeiker Larsen.

– Vi meiner marknaden ligg framom oss og at bølgja blir større, legg han til.

Vi meiner marknaden ligg framom oss og at bølgja blir større
Gunnar Larsen

«Fullt mogleg» å nå inntektsmål for 2025
Den andre årsaka til at Hav Group-sjefen trur vekstmålet er innan rekkevidde, er at selskapet har ein prosjektdriven verksemd.

– Storleiken på kontraktsverdien spesielt hos Hav Design og Norwegian Electric Systems, kan variere veldig. Difor trur vi det er fullt mogleg å nå målet om 1,3 milliardar i omsetning i 2025, legg Larsen til.

Etter å ha hanka inn ordrar for 53,3 millionar i andre kvartal, utgjorde ordreserveren til Hav Group drygt ein halv milliard ved utgangen av juni. I tillegg kunngjorde selskapet eit oppdrag på eit Esvagt-fartøy til ein verdi av kring 200 millionar for juli.

Hav Group ASA
Pr. 2. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
310,7
358,7
Driftsresultat
43,8
21,9
Resultat før skatt
45,5

21,4




Hav Group ASA


2. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
200,3
159,9
Driftsresultat
59,7
13,9
Resultat før skatt
58,7
16,8

Publisert: 30.08.2023 11:40

Sist oppdatert: 30.08.2023 11:40

Mer om