Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
VENTAR STERK VEKST: Tidlegare Septik24 er forløparen for Norva24-konsernet, som er bygd opp i samarbeid med det svenske investeringsselskapet Valedo. Foto: Norva24
Nytt

Børsdagen: Ser supervekst under bakken

Om børsverdien veks i takt med omsetninga, ser framtida lys ut for ei aksjonærgruppe i Stryn.

Marius Rosbach
12.07.2022

Sjå kursutvikling for selskapa frå nordvest under

Hovudindeksen på Oslo børs enda svakt ned til 1.192,06, medan oljeprisen stupte med meir enn fem prosent løpet av tysdagen. Ved stengetid var prisen på eit fat nordsjøolje sovidt over 100 dollar.

I mangel av spennande utvikling i selskapa frå Nordvestlandet på Oslo børs, rettar vi blikket mot Stryn-selskapet Norva24 som er notert på Stockholm-børsen.

Ideen til det som er blitt Norva24-konsernet blei klekt ut i Stryn, og hovudkontoret og ein del hovudkontorfunksjonar ligg også i Nordfjord-kommunen.

Trur på vekst under bakken
Selskapet driv på fleire felt, mellom anna slamhandtering frå private og kommunale kloakktankar og reinseanlegg, vedlikehald og inspeksjon av vass- og avløpsanlegg, i tillegg til arbeid med skipstankar, røyr og andre type tankar i industrien.

I årsrapporten frå Norva24 As fortel leiinga at dei ser eit «sterkt utviklingspotensial» i marknaden for vedlikehald av infrastruktur under bakken. Det gjeld mellom anna høgtrykkspyling, inspeksjon av røyr og slamsuging.

Dei reknar difor med at dotterselskapet deira som driv med slikt, vil ha i ei sterk utvikling både når det gjeld omsetning og resultat.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Skal meir enn dobla omsetninga
Norva24 er den største aktøren i Nord-Europa - og har planar om å vekse meir.

Omsetninga i fjor bikka for første gong over to milliardar norske kroner, og målet er at den skal meir enn doble seg dei neste åra.

Ved utgangen av 2025 siktar konsernet mot ei omsetning på 4,5 milliardar kroner, har den danske Norva24-sjefen, Henrik Damgaard, fortald investorar.

Vil gjere fleire oppkjøp
Ein betydeleg del av veksten skal etter planen skje ved oppkjøp. Seinast måndag meldte Norva24 om eit oppkjøp av det svenske selskapet Stockholm Relining.

Norva24 driv verksemd i Sverige, Norge, Danmark og Tyskland.

Berre i desse landa er det kring 1900 bedrifter som konkurrerer i ein fragmentert marknad. Mange av desse er familiedrivne selskap som har verksemd knytt til éin region.

Siktar mot milliarden
VEKSTPLANAR: Ideen om å etablere Norva 24 som ei stor nordisk aktør kjem frå Arild Bødal og dei andre medeigarane i Septik 24 i Stryn. På vegen allierte dei seg med eit svensk investeringsfond. Foto: Ogne Øyehaug

Opptur sidan april
Sjølv om det har gått i motbakke for konsernet på børsen den siste veka, har aksjonærane hatt ei hyggeleg reise sidan botnnivået 1. april med en kurs på 21,80 svenske kroner.

Tysdag enda kursen på 34,2 etter eit fall på knappe 5,5 prosent i løpet av dagen. Børsverdien tysdag prisar selskapet til drygt 6,2 milliardar.

Det er med andre ord framleis litt opp til toppnivået den 7. januar i år på 36 svenske kroner, kort tid etter børsnoteringa.

Aksjar verdt meir enn 400 mill.
Stryn-selskapet Invest24 er tredje største aksjonær i Norva24 med 6,85 prosent av aksjane. Den aksjeposten er no verdt drygt 420 millionar svenske kroner, som svarar til 406 millionar norske.

I Invest24 er det tre aksjonærar, to av dei med adresse Stryn. Arild Bødal eig ein tredjepart av Invest24 gjennom sitt selskap AHB Invest. Malvin, Ivar, Kan Erik og Kristian Sandbakk eig til saman ein tredjepart gjennom sitt selskap Isco.

Den siste tredjeparten eig medlemer at Birkelandfamilen i Hordaland gjennom selskapet JKT Birkeland Invest.

Det er naturleg nok ingen garanti for at børsverdien vil følgje omsetningsauken. Ein aksje kan allereie vere prisa ut frå forventingar om framtidig inntening. Samtidig kan vekst via oppkjøp - som Norva24 delvis har planar om - koste meir enn det smakar.

Kursutvikling for selskapa frå nordvest:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,57 6,08 %
Havyard Group 3,68 2,22 %
Hofseth Biocare 3,65 1,39 %
Hav Group 13,26 1,04 %
Salmon Evolution 8,95 0,90 %
Endúr 24,4 0,83 %
Hexagon Composites 29,3 0,55 %
Sparebanken Møre 73,4 0,55 %
Havila Kystruten 19,95 0,25 %
Statt Torsk 1,98 0,00 %
Nortel 16,7 0,00 %
Atlantic Sapphire 20,62 -0,87 %
Havila Shipping 14,76 -2,64 % |
Hexagon Purus 26,94 -2,81 %
Arctic Bioscience 14 -3,45 %
Norva24 Group * 34,2 -5.473 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 12.07.2022 16:46

Sist oppdatert: 12.07.2022 17:38

Mer om