Septikopptur på børsen
Aksjonærar i Stryn har aksjar for nesten 300 millionar kroner.
Jamt og trutt har aksjekursen i Norva24-konsernet, som mellom anna spring ut av industrimiljøet i Stryn, krype oppover sidan i vår.
I dag steig kursen 9,67 prosent, til 35,28 svenske kroner. Selskapet blei børsnotert i desember 2021, og nådde sin førebelse kurstopp på 36 svenske kroner aksjen i 7. januar i år.
Deretter gjekk det nedover.
Botnen blei nådd 1. april med kurs 21,80, eit fall på 39 prosent sidan toppen. Då snudde vinden for Norva24-konsernet, der selskapet Invest24 er tredje største aksjonær med 6,86 prosent av aksjposten.
Den aksjeposten no verdt 441 millionar svenske kroner, som tilsvarar 433 millionar norske.
I Invest24 er det tre aksjonærar, to av dei med adresse Stryn. Alle er blant grunnleggarane av Septik24 som er forløparane til utgangspunktet for Norva24-konsernet, som blei bygd opp i samarbeid med det svenske investeringsselskapet Valedo.
Ideen til det som er blitt Norva24-konsernet blei klekt ut i Stryn, og hovudkontoret og ein del hovudkontorfunksjonar til konsernet ligg også der.
Arild Bødal eig ein tredjepart av Invest24 gjennom sitt selskap AHB Invest.
Malvin, Ivar, Kan Erik og Kristian Sandbakk eig til saman ein tredjepart gjennom sitt selskap Isco.
Den siste tredjeparten eig medlemer at Birkelandfamilen i Hordaland gjennom selskapet JKT Birkeland Invest.
Norva24-selskapa driv på fleire felt:
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 18,26 | 31,94 % |
Norva24 Group * | 35,27 | 9,67 % |
Arctic Bioscience | 15,1 | 6,71 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,33 | 5,91 % |
Statt Torsk | 2,34 | 4,00 % |
Hexagon Composites | 28,36 | 3,50 % |
Sparebanken Møre | 77,97 | 2,61 % |
Havila Kystruten | 18,95 | 1,88 % |
Hav Group | 14 | 1,16 % |
Atlantic Sapphire | 19,11 | 1,11 % |
Endúr | 0,5 | 0,40 % |
Salmon Evolution | 7,98 | 0,25 % |
Nortel | 18 | 0,00 % |
Hexagon Purus | 27,68 | -0,50 % |
Hofseth Biocare | 3,75 | -1,06 % |
Havyard Group | 3,97 | -5,48 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 17.06.2022 16:53
Sist oppdatert: 11.07.2022 11:12