Norva24 på børs
Starta i Stryn og blei milliardkonsern. No blir det børsnotering. Prisa til 6,9 milliardar svenske kroner.
Ideen til det som er blitt Norva24-konsernet blei klekt ut i Stryn, og hovudkontoret og ein del hovudkontorfunksjonar til Norva24-konsernet ligg også der.
Samarbeidspartnarane Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien og Arild Bødal i Stryn bygde opp Septik 24, med hovudkontor i Stryn, som i dag er ein del av Norva24-konsernet. I 2014 kom dei til at bransjen måtte konsoliderast, og fekk meg seg det svenske investeringsselskapet Valedo Partners. Det var starten på det som no er Norva24-konsernet.
No blir konsernet notert på Stockholm-børsen, skriv Dagens Næringsliv. I følgje konsernsjef Henrik Damgaard-Hansen er årlege driftsinntekter for konsernet over to milliardar kroner og konsernet har 1400 tilsette.
Framleis store aksjonærar
Sjølv om konsernet har vekse ut over landegrensene, med selskap også i Danmark, Sverige og Tyskland, sit dei tre inititivtakarane framleis med større aksjepostar.
Før børsnoteringa og kapitalutvidinga i samband med den eig Valedo-fondet Valedo Partners Fund II AB 52,5 prosent i selskapet.
Inititativtakarane er medeigarar gjennom fire selskap:
I Invest24 (8,1 prosent eigarandel) er alle tre medeigarar.
Dei tre andre selskapa er JKT Birkeland Invest (6,4 prosent), Sandbakkfamiliens selskap Isco (5,7 prosent) og Arild Bødals selskap AHB Invest (5,4 prosent eigarandel). Eigarandelen for dei tre siste selskap er som summen av direkte og indirekte eigarskap.
Sel seg ned
I samband med børsnoteringar skal selskapet hente inn 1,2 milliardar svenske kroner i ny eigenkapital. Samstundes skal eigarane, med Valedofondet i spissen, også selje seg ned i i selskapet for å få ein spreidd eigarstruktur.
Norva24-konsernet er prisa til 6,9 milliardar svenske kroner (medrekna kapitalutvidinga) i samband med børsnoteringa. Målet er at selskapet er børsnotert i løpet av desember i år.
Konsernsjef Henrik Damgaard-Hansen seier til NETT NO at konsernet har som mål å nå 4,5 milliardar norske kroner i årlege driftsinntekter i 2025. Det er meir enn ei dobling i samanlikna med i dag. Målet er også å ha eit driftsresultat før avskrivingar (ebita) på 14-15 prosent.
Kapitalutvidinga bidrar til at konsernet kan nå dette målet, ifølgje Damgaard-Hansen. I første omgang vil selskapet konsentrere seg om dei fire marknadene Norva24 er i i dag; Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland. To-tre år fram i tid kan det og bli etableringar i Beneluxlanda, Sveits, Østerike og Finland.
Vedlikehold av vass- og avløpsnettet
Norva24-selskapa driv på fleire felt:
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Publisert: 18.11.2021 08:51
Sist oppdatert: 18.11.2021 13:08