Har kjøpt sju nye selskap i år
Hittil i år har konsernsjef Henrik Damgaard innlemma sju nye selskap i Norva24-konsernet, og vil ikkje gi seg med det.
Frå 146 millionar kroner i driftsinntekter i starten i 2015 passerte Norva24-konsernet 1,5 milliardar kroner i driftsinntekter. Sju nye selskap er kjøpt og innlemma i konsernet i år, i Noreg, Sverige og Tyskland.
Konsernet er i dag Nord-Europas største i sin bransje, seier Damgaard, og det skal blir større.
- Vi har ambisjonar om å fortsette å ekspandere i Europa, seier han.
I dag er det Noreg, Tyskland, Sverige og Danmark som er marknaden for Norva24-konsernet, men på litt lenger sikt er målet å etablere seg i fleire land.
Vedlikehold av vass- og avløpsnettet
Norva24-selskapa driv på fleire felt:
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Klekt ut i Stryn
Ideen til det som er blitt Norva24-konsernet blei klekt ut i Stryn, og hovudkontoret og ein del hovudkontorfunksjonar til Norva24-konsernet ligg også der.
Samarbeidspartnarane Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien og Arild Bødal i Stryn bygde opp Septik 24, med hovudkontor i Stryn, som i dag er ein del av Norva24-konsernet. I 2014 kom dei til at bransjen måtte konsoliderast, og fekk meg seg det svenske investeringsselskapet Valedo Partners. Det var starten på det som no er Norva24-konsernet.
Valedo-fondet Valedo Partners Fund II AB eig 52,5 prosent i selskapet. Inititativtakarane er medeigarar gjennom fire selskap:
I Invest24 (8,1 prosent eigarandel) er alle tre medeigarar.
Dei tre andre selskapa er JKT Birkeland Invest (6,4 prosent), Sandbakkfamiliens selskap Isco (5,7 prosent) og Arild Bødals selskap AHB Invest (5,4 prosent eigarandel). Eigarandelen for dei tre siste selskap er som summen av direkte og indirekte eigarskap.
Alle tre inititiativtakarane er representert i leiinga i selskapet.
Strategien til konsernet har vore å innlemme eigarane av oppkjøpte selskap på eigarsida i Norva24-konsernet. Det gjer at selskapet har over 250 aksjonærar, der den minste aksjeposten utgjer 0,004 prosent andel i selskapet.
Norva 24 Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 1522,0 | 1287,5 |
Driftsresultat | 179,0 | 54,5 |
Resultat før skat | 145,0 | 17,9 |
Publisert: 17.09.2021 06:00
Sist oppdatert: 16.09.2021 19:32