Statt torsk rekvika foto statt torsk 111
SIKRA HALVANNA ÅR: Med finansieringa på plass reknar Statt Torsk at dei har midlar til drift ved dei to anlegga ved Rekvika (bilde) og Stokkeneset fram til 2024. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Sikra finansiering til torskeoppdrett

Det mest spennande for børsselskapa frå Nordvestlandet, skjedde etter stengetid.

Marius Rosbach
18.07.2022

Aksjekursen for Statt Torsk stod stille måndag. Men etter at handelen stengte kunne selskapet melde at dei hadde sikra finansiering det neste halvanna året.

Låneavtalen med ein norsk bank er på 35 millionar, ifølgje børsmeldinga.

Saman med midlane frå ein emisjon på 41 millionar kroner tidlegare i sommar, reknar selskapet med å ha midlane dei treng til drift ved dei to anlegga ved Rekvika og Stokkeneset fram til 2024.

– Avtalen er ein viktige milepåle for Statt, og avgjerande for å realisere våre vekstplanar for dei komande åra, uttalar finansdirektør Bjug Borgund i meldinga.

Før helga opplyste selskapet at dei får doble produksjonen ved anlegget i Rekvika i Vanylvsfjorden. Frå september skal Statt Torsk levere torsk til slakteriet kvar veke.

Avtalen er ein viktige milepåle
Bjug Borgund

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk kraftig opp med 2,92 prosent, etter å ha avslutta førre veke med nedgang. Prisen på nordsjøolje gjekk også vidare opp måndag til mer enn 105 dollar fatet ved stengetid - men sank tilbake etterpå.

Kursutvikling for selskap frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 14 3,70 % |
Hexagon Purus 25,36 3,34 %
Hexagon Composites 28,28 2,17 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 34,875 1,43 %
Salmon Evolution 8,97 1,13 %
Endúr 23,295 0,84 %
Arctic Bioscience 14,9 0,68 %
Hav Group 13,32 0,60 %
Hofseth Biocare 3,69 0,00 %
Statt Torsk 1,98 0,00 %
Havila Kystruten 19,75 -0,50 %
Atlantic Sapphire 19,1 -0,78 %
Sparebanken Møre 72 -2,03 %
Havyard Group 4 -2,44 %
Nortel 17,8 -4,81 %
Golden Energy Offshore Services 1,45 -5,23 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 18.07.2022 16:43

Sist oppdatert: 18.07.2022 17:37

Mer om