Golden energy per ivar fagervoll psv duchess 11
DÅRLEG BØRSDAG: Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll måtte se aksjen falle kraftig på børs tysdag. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Stupte etter nye tap

Skipskollisjon, tap og kursfall for offshorereiarlag. Nortel børsvinnar på éin handel.

Marius Rosbach
21.02.2023

Golden Energy Offshore Services offentleggjorde seint måndag resultata for 4. kvartal og årsresultatet for 2022.

Rapporteringa fall tydeleg ikkje i god jord hos investorane på børsen, som sende aksjen ut i eit kraftig fall frå starten av handelen tysdag. Reiarlaget fekk eit minusresultat i kvartalet på 26,2 millionar, etter ei omsetning på 25,5 millionar kroner.

Ved slutten av dagen var Golden Energy-aksjen ned nær 15 prosent – verst utvikling for alle aksjane på Oslo børs denne dagen.

Golden Duchess måtte på verkstad
Offshorereiarlaget viser til dårleg flåteutnytting etter at plattformforsyningsskipet Golden Duchess vart utsett for eit samanstøyt medan skipet låg fortøya i skotske Aberdeen.

Det medførte 24 dagar på verkstad for å utbetre kostnader til kring 2,3 millionar kroner. Uhellet førte i tillegg til tap av inntekter, og reiarlaget har sett fram krav i samband med hendinga, går det fram av kvartalsrapporten.

Etter at Energy Scout er selt og overlatt til ny eigar i førre månad, har Golden Energy-reiarlaget tre PSV-ar att i flåten.

Mot slutten av dagen spratt teleselskapet Nortel til toppen av vinnarlista på Oslo børs etter éin handel. Det sende aksjen opp 16 prosent til 29 kroner - det høgste nivået på meir enn eitt år.

Elles opplevde dei fleste børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet, ein nedgang tysdag.

Etter ein liten oppgang måndag, peika pila nedover for hovudindeksen tysdag. Fasit ved stengetid var eit fall på 0,62 prosent til 1.227,02. Oljeprisen var ved stengetid ned kring 1,5 prosent.

Fall for Lerøy
Lerøy Seafood, som mellom anna består av fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfiske med hovudkontor i Ålesund, hadde også ein tøff børsdag tysdag.

Aksjen fall frå start etter at konsernet rapporterte svakare tall tidleg tysdag. Ved børsslutt var aksjen ned nær seks prosent.

Kvartalsrapporten viser mellom anna at Lerøy Havfiske-flåten brukte sju prosent mindre drivstoff i fjor – men likevel betalte 169 millionar kroner meir for drivstoffet.

Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 29 16,00 %
Havila Kystruten 10,7 1,42 %
Sparebanken Møre 83,6 0,44 %
Salmon Evolution 8,59 0,23 %
Endúr 32,865 0,20 %
Hexagon Composites 35,58 -0,06 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,805 -0,71 %
Hexagon Purus 28 -1,06 %
Statt Torsk 1,48 -1,33 %
Hav Group 10,62 -2,21 %
Norva24 Group * 33,5 -2,50 %
Hofseth Biocare 2,71 -2,52 %
Atlantic Sapphire 7,73 -3,19 %
Arctic Bioscience 14 -4,76 %
Havila Shipping 16,94 -9,89 % |
Golden Energy Offshore Services 1,49 -14,86 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 21.02.2023 11:35

Sist oppdatert: 22.02.2023 10:16

Mer om