Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VINNAR: Endúr blei dagens vinnar blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Tilbake til start

Endúr-aksjen har stige 70 prosent sidan botnen i mai i år.

25.11.2022

10. mai i år vart aksjar i industrikonsernet Endúr handla til 20 kroner aksjen.

I dag blei selskapet vinnaren blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Kursen steig 3,91 prosent til 34,81 kroner aksjen. Den kursen verdset selskapet til 956 millionar kroner, like over verdien ved starten av 2022.

Fram til 10. mai var 2022 ein nedtur for Endúr-aksjane, men etterpå det gått rette vegen, om enn med store opp og nedturar.

Vi definerer Endúr som eit nordvestlandsk selskap fordi ingeniør- og prosjekteringsbedrifta Artec Aqua, som ligg i Ålesund, er det viktigaste selskapet i konsernet. Grunnleggarane av Artec Aqua er også største aksjonærar i Endúr.

Sju selskap i NETT NO si oversikt (sjå tabell) hadde kursauke i dag, tre sto stille og seks hadde kursnedgang.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Endúr 34,81 3,91 %
Hexagon Purus 25,56 2,82 %
Salmon Evolution 8,09 2,06 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,18 1,60 %
Norva 24* 32,64 1,05 %
Atlantic Sapphire 7,15 0,70 %
Statt Torsk 2,02 0,50 %
Nortel 19,60 0,00 %
Arctic Bioscience 14,95 0,00 %
Hav Group 10,70 0,00 %
Havila Kystruten 20,40 -0,49 %
Havila Shipping 11,90 -0,50 %
Golden Energy Offshore Services 1,80 -1,37 %
Hofseth Biocare 2,75 -1,79 %
Sparebanken Møre 75,48 -1,96 %
Hexagon Composites 27,82 -1,97 %
*Svenske kroner

Publisert: 25.11.2022 16:44

Sist oppdatert: 25.11.2022 16:47