rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Entreprenørselskap gir opp drifta

Sjukdom, auka kostnader og færre oppdrag førte til konkurs.

Marius Rosbach
08.04.2026

Sogn og Fjordane tingrett opna tysdag konkurs i entreprenørselskapet Naustdal Maskin etter at det er meldt oppbod. 

Selskapet som blei starta i 2013, omtalar konkursen på Facebook og opplyser at det er fleire årsaker som ligg til grunn for avgjerda.

– Årsaka til konkursen er i hovudsak knytt til sjukdom, kombinert med eit svært krevjande marknadsbilete med auka kostnader, høgare finansielle belastningar og redusert oppdragsmengder, heiter det i meldinga. 

Hadde fire tilsette
Gjelda er opplyst å vere kring 1,8 millionar og verdiane kring éin million kroner, ifølge rettspapira. 

Verksemda var i gang med fire tilsette på konkurstidspunktet. 

Eirik Hauge er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 7. mai. 

Vurderer ny drift
Det blir vurdert om det er mogleg å sette i gang ny drift i ein annan struktur, slik at tilsette, kompetanse og kundar kan bli teke vare på. 

– Den viktigaste ressursen vår har vore dei tilsette. Sjølv om vi ikkje lukkast med å vidareføre drifta, har deira innsats, faglege styrke og stå-på-vilje vore avgjerande for det vi har fått til. Det er difor særleg tungt at dei no blir råka av situasjonen, skriv dei i meldinga. 

Fleire år med underskot
Dei siste offentlege rekneskapane viser at selskapet har slitt i fleire år. Åra 2022 til 2024 enda alle med minusresultat. 

Etter eit underskot på over tre millionar i 2024, var eigenkapitalen negativ ved utløpet av det året. Situasjonen blei kommentert i det siste rekneskapen, og konklusjonen var at vidare drift ikkje medførte risiko for kreditorane. 

Publisert: 08.04.2026 10:27

Sist oppdatert: 08.04.2026 10:47

Mer om