Satt paa bremsen for aa sikre selskapet
KAPITALUTVIDING: Dagleg leiar Jørn Klungsøyr og COO Line Skarmyr starta tidleg i sommar arbeidet med å presentere Zegeba for potensielle investorar. Måler er å finansiere kraftig vekst.
Nytt

Zegeba doblar emisjonsplanane

Koronaepidemien stoppa emisjonsplanane i fjor. No har Zegeba lagt nye planar og doblar målet for kapitalutvidinga.

15.09.2021

- Vekstpotensialet blir eksponentielt i staden for linært, seier dagleg leiar og medeigar Jørn Klungsøyr i programvareselskapet Zegeba om kva som er ambisjonane for driftsinntektene til selskapet dersom den planlagte kapitalutvidinga går i boks.

Linær vekst betyr jamn og stabil vekst år etter år. Ekspontiell vekst betyr at veksten blir større og større år for år, slik at Zegeba om få år blir mykje større enn i dag.

Veksten vil også betyr fleire arbeidsplassar.

- Om fem år er vi ei bedrift med eit betydeleg antall tilsette både her i Ålesund, i andre regionar og i utlandet, seier Klungsøyr.

Ålesund-selskapet leverer løysningar som gjer det råd for bedrifter og organisasjonar muligheten å lage og fylle ut alle typer skjema - og rapportere direkte frå ei datamaskin, mobil eller ipad ute på arbeid eller oppdrag.

Utgangspunktet var maritime bedrifter, men Zegeba har og fått kundar i bygg- og anleggsbransjen og internasjonale organisasjonar.

Meir partnarskap
Nyleg gjekk Zegeba og Kongsberg Digital saman i eit samarbeid der Zegeba sine løysingar blir ein del av Kognifai, eit digitalt økosystem som Kongsberg Digital har bygd opp for å lage applikasjonar, dele data og samhandle med partnarar og kundar.

Etter koronaepidemien gjorde at Zegaeba måtte legge emisjonsplanen på is i mars 2020 revurderte selskapet strategien sin.

Konklusjonen blei at selskapet la om frå å selge systemet sitt direkte til kundane, til å selge det også gjennom partnarar.

Kongsberg-partnarskapen er eitt døme på det, og Zegeba har også partnarar som kan tilby Zegeba sine løysingar som ein del av større system for økonomistyring og rapportering.

No arbeider selskapet for å standardiserer integrasjon av Zegeba sine løysingar i andre store ERP -system (økonomi-, prosjekt og styringssystem.)

Rett tidspunkt
Zegeba gjennomførte ei mindre kapitalutviding etter at dei opphavleg emisjonsplanane blei lagt på is i mars 2020, der både eksisterande og nye eigarar deltok..

– Finansieringa sikrar selskapet fram til vi går i pluss, sa Klungsøyr då 2019-tala var klare i fjor sommar.

Eimisjonsbeløpet blei ikke opplyst, men i 2020-reknskapet går det fram at selskapet auka eigenkapitalen med 2,2 millionar kroner gjennom ein emisjon i fjor.

Zegaba gjekk frå minus til pluss-resultat i 2020 og i første halvår i år har selskapet ein betydleg vekst både i driftsinntekter og lønsemd, ifølgje Klungsøyr.

Zegeba as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter5,94,5
Driftsresultat1,1-0,8
Resultat før skatt0,6-1,3

- Det er difor vi ser at timinga for å køyre ein emisjon er rett, seier Klungsøyr.

Dobla målet
Han vil ikkje seie kor mykje pengar Zegeba håpar å få inn i kapitalutvidinga, ut over at målet er å hente inn minst dobbelt så mykje pengar som selskapet planla før koronaepidemien kom.

Håpet er å få ein investor eller ei gruppe investorar som også kan tilføre kompetanse. Så langt har Zegeba registrert størst interesse frå investorar utanfrå Nordvestlandet, men Klungsøy seier selskapet gjerne vil ha med investorar med base på Nordvestlandet.

Det er ikkje tidfesta noko tidspunkt for når kapitalutvidinga skal vere gjennomført. Arbeidet med å få med investorar starta tidleg i sommar.

Fleire folk
Strategien med å selje gjennom partnarar har gjort at Zegeba har avvikla eiga salsavdeling.

No er det 12 tilsette i selskapet, men det skal snart blir fleire - uavhengig av om kapitalutviding lukkast eller ei.

Zegeba skal rekruttere fire til seks nye personar, mellom anna programutviklarar og folk som skal drive marknadsarbeid.

Publisert: 15.09.2021 10:30

Sist oppdatert: 17.09.2021 10:35

Mer om