Cflow inn i undervisningsbransjen
OPPLÆRING: Senior teknisk koordinator Tor Andre Rønning i Cflow (til venstre) og kollegane i Cflow-akademiet. - For dei nytilsette veit eg det har vore mykje aha-opplevingar, seier Rønning om effekten av akademiet.
Nytt

Cflow inn i undervisningsbransjen

Cflow har sett eigne tilsette på skulebenken og vil også opne Cflow-akademiet for andre.

18.12.2018
- Når ein driv på med metall er det lett å oversjå dei biologiske faktorane, seier senior teknisk koordinator Tor Andre Rønning i Cflow.
Saman med fleire kollegaer sit han møterommet hos Cflow i Sula, der selskapet sine eigne biologar, Frida Thyri Segafredo og Birgitte Refsnes, står for undervisninga.

Cflow lagar handteringsanlegg for fisk, som til dømes pumpeanlegg og avlusingsanlegg for oppdrettsnæring. Poenget med Cflow-akademiet er å få kunnskap om korleis fisken reagere og få bort feil som gir økonomisk tap og dårlegare fiskevelferd.

Betre ingeniørar

- Vi har fått igjen betre ingeniørar og mykje betre sluttprodukt, seier styreleiar og medeigar Gunnar Hoff om gevinsten ved å oppretter Cflow-akademiet.
Mykje handlar om å endre på små detaljar i utstyret og anlegga, som skarpe vinklar, innsnevringar og tersklar der fisken kan kome til skade.
Spesielt for dei som er ferske i bedrifta og ikkje har arbeidd med utstyr som skal handtere levande vesen før er Cflow-akademiet nyttig, meiner Rønning.
- For dei nytilsette veit eg det har vore mykje aha-opplevingar, seier han.

Betre gunnlag for nye idear

Ei typisk økt i Cflow-akademiet varer eit par timar, der deltakarane stiller spørsmål og diskutere undervegs.
Segafredo seier ho merkar ei aukande interesse for fiskevelferd og problemstillingar rundt skader på fisken etter at Cflow-akademiet kom i gang. Det auka også sjansen for at det dukkar opp gode idear.
- Vi får mykje meir spørsmål. Folk er meir interessert. Vi har sett i gang ein tankeprosess som gjer at dei kan tenke meir sjølv, seier ho.

Vil inviterte inn andre

Cflow-akademiet skal vere ein kontinuerleg prosess i selskapet. No ser Cflow også på korleis det skal utvide akademiet slik at det også blir eit tilbod som andre aktørar i bransjen, først og fremst kundar og leverandørar, kan bli med på.
Segafredo og Refsnes har allereie undervist hos den nye storaksjonæren - PG Flow Solutions - og hos ein av underleverandørane, Redox på Averøya.

Når ein driv på med metall er det lett å oversjå dei biologiske faktorane

Publisert: 18.12.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29