Dei 30 tilsette hos lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy står for omlag seks prosent av den samla norske lakseeksporten. Målet er en marknadsandel på åtte prosent.
Med dagens lakseprisar tilsvarer det ein auke i eksporten gjennom Coast Seafood frå tre til fire milliardar kroner.
Det er desse familieiegde selskapa som er målgruppa for Søraa og Coast Seafood.
Coast Seafood sjølv fekk eit resultat i fjor på line med det som har vore resultatet dei siste 4-5 åra (sjå tabell). Søraa rekna med framleis press på marginane, og det er ein av grunnane til at han ønskjer at Coast Seafood skal vekse ved å erobre ein større del av marknaden.
Sotra Fiskeindustri driv lakseslakteri, foredling og røyking, og har over 100 tilsette.
Måløy Seafood er ei pelagisk bedrift med rundt 25 tilsette i sesongen.
Mykje av eigenkapitalen ligg i fordringar mot kundane, summen av frie midlar som bankinnskot, kontantar og lett omsettlege aksjar utgjer cirka 60 millionar kroner.
Søraa og Øvrebø er dei to største eigarane. Dei og deira famliar eig kvar 45,3 prosent av selskapet, gjennom investeringselskapet Eili Invest og Maan Invest.
Med dagens lakseprisar tilsvarer det ein auke i eksporten gjennom Coast Seafood frå tre til fire milliardar kroner.
Satsar på familieselskap
Sverre Søraa har klokkartru på at dei mindre, familieeigde oppdrettsselskapa vil overleve og klare seg godt i konkurransen med gigantane Marine Harvest, Lerøy Seafood Group og Salmar.Det er desse familieiegde selskapa som er målgruppa for Søraa og Coast Seafood.
Tener best
- Dei beste produsentane i dette landet er familieeigde foretak. Viss dei store, integrerte selskapa lukkast i å skape resultat, så vil dei familieiegde foretaka bli styrtrike. Det er berre for oss å bli så flinke at vi klarer å tiltrekke oss dei, seier han.Coast Seafood sjølv fekk eit resultat i fjor på line med det som har vore resultatet dei siste 4-5 åra (sjå tabell). Søraa rekna med framleis press på marginane, og det er ein av grunnane til at han ønskjer at Coast Seafood skal vekse ved å erobre ein større del av marknaden.
Industrieigar
Gjennom medeigarskap i Sotra Fiskeindustri og Måløy Seafood er Coast Seafood også ei industribedrift.Sotra Fiskeindustri driv lakseslakteri, foredling og røyking, og har over 100 tilsette.
Måløy Seafood er ei pelagisk bedrift med rundt 25 tilsette i sesongen.
Finansielt sterke
Finansielt er Coast sterkare enn nokon gong, skriv Søraa i ei pressemelding i samband med årsresultatet. Den bokførte eigenkapitalen er 311 millionar kroner.Mykje av eigenkapitalen ligg i fordringar mot kundane, summen av frie midlar som bankinnskot, kontantar og lett omsettlege aksjar utgjer cirka 60 millionar kroner.
To storaksjonærar
Eitt år etter at Sverre Søraa starta Coast Seafood kom Martin Øvrebø inn i selskapet.Søraa og Øvrebø er dei to største eigarane. Dei og deira famliar eig kvar 45,3 prosent av selskapet, gjennom investeringselskapet Eili Invest og Maan Invest.
Det er berre for oss å bli så flinke at vi klarer å tiltrekke oss dei
Publisert: 25.07.2014 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35