Langlo fabrikk innfelt oystein remme foto Langlo
FLEIRE INTERESSENTAR: Bustyrar Øystein Remme fortel at fleire aktørar har meldt seg etter konkursen i Langlo. No er det hyra hjelp til å finne nye drivarar. Foto: Langlo/Øverbø Gjørtz
Nytt

Converto og konkursekspert skal hjelpe med å finne ny drivar

Bustyrar har fleire interessentar etter konkursen i garderobeprodusenten Langlo.

28.11.2025

Etter at Langlo gjekk til skifteretten med 31 millionar kroner i gjeld i førre veke har det meldt seg fleire interessentar, også til å drive produksjonen av garderobeinnreieingar vidare. 

Det er snakk om både lokale interessentar og moglege kjøparar frå utlandet, seier bustyrar Øystein Remme.

I tillegg har det meld seg interesserte kjøparar til produksjonsutstyret og fabrikkbygget på Stranda. 

I løpet av komande veke håpar Remme å vite meir om kva som blir dei aktuelle alternativa.

Verdivurdering
Bjarøy er eit selskap som har spesialisert seg på å verdivurdere, og få seld utstyr og anlegg frå konkursbu. 

Dei er no i gang med denne verdivurderinga. Samstundes er rådgivingselskapet Converto i Ålesund leigd inn for å hjelpe til med å lage ein forretningplan for eventuell vidare drift. 

Målet er å gi moglege intersessentar mest mogleg lik informasjon, seier Remme.

Lokale eigarar
Langlo hadde 40 tilsette då selskapet melde oppbod. 

Langlo Invest og Svefossen har vore dei største eigarane i den lokale møbelprodusenten. I tillegg var Langlo-sjef Pål Morten Ringstad inne på eigarsida direkte. 

Svefossen-selskapet – som har hatt Ringstad-familien og Norsk Sjømat som hovudaksjonærar - melde oppbod til tingretten same dag som produksjonsselskapet. 

Langlo Invest er eigd av Per Kåre og Tor Langlo. 

Publisert: 28.11.2025 13:00

Sist oppdatert: 28.11.2025 12:38

Mer om