Måndag opna Sunnmøre tingrett konkurs i den tradisjonsrike bedrifta Langlo på Stranda. Allereie same dag var bustyrar Øystein Remme i møte med leiinga av selskapet.
Han opplyser til Nett No at verksemda no er innstilt og at dei 40 tilsette ved fabrikken vil få oppseiingane sine tysdag.
– Det vil ikkje bli ny drift i lokala før ein eventuelt får inn ein ny investor som ønsker å overta verksemda, fortel Remme vidare.
Jobbar med å finne nye eigarar
Ein har ikkje gitt opp håpet ny drift ved fabrikken.
– Det er for tidleg å seie om det er mogleg å selje verksemda, men det er noko som blir jobba med løpande, opplyser Remme.
Bustyraren kan per i dag ikkje seier noko meir om dette arbeidet, utover at dei har ein dialog med banken om saka.
Ifølgje rettspapira var det verdiar i buet på 20 millionar kroner, og det konkursråka selskapet eig sjølv bygget.
Konkurs for eigarselskap
Langlo Invest og Svefossen har vore dei største eigarane i den lokale møbelprodusenten. I tillegg var Langlo-sjef Pål Morten Ringstad inne på eigarsida direkte.
Svefossen-selskapet – som har hatt Ringstad-familien og Norsk Sjømat som hovudaksjonærar - melde oppbod til tingretten same dag som produksjonsselskapet.
Langlo Invest er eigd av Per Kåre og Tor Langlo.
Svikt i privatmarknaden
Stranda-fabrikken starta opp allereie i 1918 og har spesialisert seg på garderobeløysingar.
Bedrifta har satsa mot marknaden for oppussing og rehabilitering hos byggvarekjedene, og venta nedgang i aktiviteten i 2025.
– Eg har ikkje full oversikt over årsakene til konkursen, men i hovudsak skuldast det svikt i sal til privatmarknaden, fortel bustyrar Remme.
Etter eit par gode år for Langlo under pandemiboomen, blei overskotet halvert i 2022, og i 2023 var dei tilbake på minussida. I årsmeldinga for det året blei det varsla reduksjon i talet på tilsette.
Publisert: 25.11.2025 12:51
Sist oppdatert: 25.11.2025 22:45






