NPK: Vestlandsrådet har i lengre tid arbeidd med ein cruiseplan for dei fire vestlandsfylka. I fjor haust blei planen send ut på høyring. Fristen for å koma med høyringssvar gjekk ut 2. januar.
Dei fleste som har kome med tilbakemeldingar er ifylgje samde i målet om at cruisenæringa må bli meir berekraftig, men fleire meiner planen er for lite konkret og reiser spørsmål om nytteverdien. Uklar ansvarsfordeling er ei anna innvendig.
Også bransjesjefen i NHO Reiseliv Vest-Norge, Wenche Salthella, er kritisk. Ho høyrer til dei som meiner planen er for vag og fryktar at han vil hamna i ei skrivebordsskuff.
Fylkespolitikarane i dei fire vestlandsfylka skal alle behandla cruiseplanen før han blir endeleg godkjent av Vestlandsrådet.
Dei fleste som har kome med tilbakemeldingar er ifylgje samde i målet om at cruisenæringa må bli meir berekraftig, men fleire meiner planen er for lite konkret og reiser spørsmål om nytteverdien. Uklar ansvarsfordeling er ei anna innvendig.
Kva er vitsen?
– Vi ser ikkje kvifor vi skal bruka tid og energi på ein handlingsplan, når vi har organisasjonar som Cruise Norway, Cruise Europe, Fjord Norge, Innovasjon Norge og destinasjonsselskap som allereie samarbeider heilt utmerkt, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak som styrer cruisehamna i Geiranger til NRK.Også bransjesjefen i NHO Reiseliv Vest-Norge, Wenche Salthella, er kritisk. Ho høyrer til dei som meiner planen er for vag og fryktar at han vil hamna i ei skrivebordsskuff.
Følling forsvarar planen
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling avviser kritikken. Ho meiner planen kan ha mykje å seia dersom fylkespolitikarane greier å samla seg om nokre felles mål.Fylkespolitikarane i dei fire vestlandsfylka skal alle behandla cruiseplanen før han blir endeleg godkjent av Vestlandsrådet.
Publisert: 09.01.2018 16:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17