Cruise ålesund turisme reiseliv foto marius
BLIR YNGRE: Undersøkinga viser at den typiske cruiseturisten endrar seg og blir yngre. Fleire enn før reiser også med barn. 
Nytt

Cruiseturistane legg att mindre pengar

Cruiseturistane sitt forbruk ved eit typisk dagsbesøk her til lands har gått betydeleg ned dei siste åra, viser fersk undersøking.  

Marius Rosbach
17.12.2019

En ny rapport frå Innovasjon Norge viser at Norge sin del av cruiseturistane sitt totale forbruk, er gått ned dei siste åra.

I sommar er det gjort 3232 intervju med passasjerar i 14 hamner – mellom anna Ålesund, Geiranger og Molde. Undersøkinga er den mest omfattande som er gjort av cruiseturismen i Norge.

Les også: – Den største trusselen vår er masseturisme

Dagsforbruket har gått ned

Det totale forbruket for cruiseturistane har auka frå 12,1 til 21,8 milliardar sidan den førre nasjonale cruiseundersøkinga blei gjort i 2014.

nettnohalf

Forbruket ved eit gjennomsnittleg dagsbesøk per turist har likevel gått betydeleg ned. Eit anslag tilseier at cruiseturistane brukar 510 kroner som går direkte til norsk næringsliv. I undersøkinga frå 2014 var dette talet på 860 kroner per dagsbesøk.

Det er spesielt aktivitetar og opplevingar cruiseturistane nyttar i mindre grad enn før.

I snitt brukte dei intervjua turistane 195 kroner på aktivitetar i sommar. Om lag halvparten av dette kjem frå utfluktar og turar kjøpt via reiarlaget. Cruiseturistane brukar også 265 kroner til shopping, mat og drikke. I tillegg nyttar dei i snitt 55 kroner på lokal transport og overnatting.

Fleire moglege forklaringar
Rapportskrivarane påpeiker at undersøkinga i år er langt meir omfattande enn i 2014. I tillegg er spørsmåla endra, slik at dei ikkje er direkte samanliknbare.

– Det er nærliggande å tru at det også er andre faktorar som påverkar endringane i forbruket, skriv forfattarane i rapporten.

Dei peiker mellom anna på at den norske krona er svakare enn den var i 2014. Samtidig trur dei at reiarlaga har blitt flinkare til å selje cruisepakkar der meir av aktivitetar og utfluktar en inkludert.

Les også: Færre klager på cruisetrafikken

Kjem med utgreiing om nye miljøkrav til våren

Neste år kommer cruiseskipene 11 av 12 måneder

Brukar langt mindre enn andre reisande
Medan cruiseturistane i snitt bidreg med 510 kroner per dag til norsk økonomi, nyttar andre utanlandske reisande meir enn dobbelt så mykje – 1240 kroner per person.

Årsaka til at cruiseturistane legg igjen mindre pengar til den norske økonomien, er naturleg nok at dei ikkje nyttar pengar på overnatting og transport. Dei brukar likevel meir enn hytte- og campingturistar.

I rapporten blir det påpeika at det ikkje er mogleg å rekne ut nøyaktig kor mykje av turistane sitt forbruk som går til norsk økonomi.

Har høg marknadsdel på cruise
Sommaren 2019 kom knappe 100 cruiseskip frå 40 reiarlag til norske farvatn. Norge sin del av cruiseturismen globalt, ligg på kring tre prosent. Det er betydeleg høgare enn frå andre type turisme der Norge har ein marknadsdel på 0,5 prosent i snitt.

Tyskland er den største marknaden for cruise langs norskekysten i volum. Men Norge har størst marknadsdel av cruiseturismen i Nederland (16 prosent), Storbritannia (12 prosent) og Tyskland (10 prosent).

USA er den dominerande marknaden for cruise globalt, men det er venta at kinesisk cruiseturisme vil vere på nivå med det amerikanske innan 2030.

Les også: Reiselivet vokser kraftig på opplevelser

– Folk tør reise ut i det ukjende på eigahand

Reiselivet kan bli flinkare på «skreddarsaum» til turistane

Les heile rapporten her (ekstern lenke)


Publisert: 17.12.2019 11:01

Sist oppdatert: 28.10.2022 00:06