Bjorn Daehlie Volda Aasenkvartalet foto Ogne
UTBYGGAR: Bjørn Dæhlie anslår at dei to første byggetrinna i Aasenkvartalet i Volda vil koste omlag 600 millionar kroner. I dag markerte han ein symbolsk riverstart for bygget som skal erstattas av ein nytt og større, med mellom anna 116 hotellrom. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dæhlie har stor hotellaktør på handa

Vil bygge konferansehotell med 116 rom i Volda.

27.02.2025

Bjørn Dæhlie markerte i dag ein symbolsk start på rivinga av det første bygget til det som den gang skulle huse Distriktshøgskulen i Volda.

Det er Dæhlie sitt investeringsselskap Sisa Invest som skal stå for utbygginga av det som blir kalla Aasenkvartalet i Volda, med Høgskulen i Volda og sjukehuset som nære naboar. Går alt som Dæhlie håpar skal det reisast eit bygg som mellom anna skal romme eit hotell med 116 rom på rivingstomta.

600 millionar
Dæhlie anslår at dei to første byggetrinna i Aasenkvartalet vil koste omlag 600 millionar kroner.

Første byggesteg er eit bygg på 10.000 kvadratmeter, der halvparten av arealet er planlagt til hotell med 116 rom, knytt til konferanselokale. Dæhli seier Sisa Invest har ein konkret samarbeidspartnar som vil drive - men ikkje eige - hotellet. Han opplyser ikkje kven det er, men seier det er ein hotellaktør som driv hotell både i Noreg og utlandet, med dei fleste av hotella sine i Noreg.

– Det er ein aktør vi har jobba og teikna hotellet saman med, seier han.

Andre byggesteg er eit bygg på 4100 kvadratmeter, kalla helsehuset, bygd spesielt med tanke på bruk for ulike aktørar knytt til helse. Volda kommune har ein intensjon om å leige ein etasje i dette bygget, ifølgje ordførar Sølvi Dimmen.

Treng leigetakarar
Vilkåret for at det skal bli bygging er at Sisa Invest langt på veg greier å få leigetakarar som vil leige lokala i dei to bygga, med unntak av det som er tenkt til hotell.

Hotellselskapet vil ikkje eige, og skal ha ein avtale knytt til omsetninga. Difor treng Dæhlie sikre leigetakarar til resten av dei to bygga, for å kunne ta risikoen ved å bygge også ein hotelldel.

– Dei aller fleste leigekontraktane må kome på plass, seier Dæhlie, som sjølv vil vere involvert i å få leigeavtalane på plass.

Investeringbeslutning i 2026
Området det skal byggast på er omregulert til formålet. Første del av prosessen med å godkjenne reguleringsframlegget startar med formannskapsmøte i Volda 8. april i år. 

Samstundes skal det arbeidast med å få leigetakarar, noko Dæhli reknar med vil vere i mål i løpet av året, slik at ei investeringsbeslutning kan takast i 2026 og utbygging vere fullført i 2027/2027.

Publisert: 27.02.2025 12:41

Sist oppdatert: 27.02.2025 14:17

Mer om