Aasenkvartalet sparebankstiftinga Arild Hatloy Solvi Dimmen Rune Sjurgard foto sparebankstiftinga
STORT BELØP: Arild Hatløy (t.v.) frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre saman med Volda-ordførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard under utdelinga onsdag. Foto: Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
Nytt

Stifting gir storpott til Aasenkvartalet

Volda-ordførar håpar bygginga av storsatsing kan starte om eitt år.

Marius Rosbach
22.01.2025

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir 15 millionar kroner til storsatsinga Aasenkvartalet i Volda.

Pengane skal gå til å delfinansiere ei kultur- og konferansescene i tilknyting til å realisere utviklingsprosjektet på høgskuleområdet, ifølgje ei pressemelding frå stiftinga. 

Det er Volda kommune som sende inn søknad om slik støtte. Tildelinga er den største som er gitt av stiftinga. 

Håpar å starte bygginga om eitt år
Volda ordførar Sølvi Dimmen meiner at kultur- og konferansescena vil vere eit nav i eit samla sambruksprosjekt. 

Ho fortel til Nett No at dei håpar at byggearbeidet kan starte om eitt års tid. Kor lang tid byggeperioden vil vare, tør ho ikkje seie på sparket. 

Byggetrinn 1 og 2 kjem samtidig og inneheld mellom anna hotell, kulturscene og Norsk Innovasjonssenter. I tillegg kjem  andre leigetakarar frå offentleg og privat næringsliv. 

Det er også planar om å få på plass eit helsehus i prosjektet, ifølge Dimmen. 

Aasenkvartalet illustrasjon Besseggen Arkitekter 11
NYTT VOLDA-BYGG: Bruk av lavkarbon betong, tre, solcellepanel og gjenbruk av materialer skal prege Aasenkvartalet. Illustrasjon: Besseggen Arkitekter

Sparebankstiftinga har lagt vekt på at det er snakk om eit regionalt prosjekt der formålet med det samla konseptet er å skape synergiar og nye arbeidsplassar. 

Dagleg leiar Arne Lothe i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, seier det er viktig for stiftinga å vere med og styrke grunnlaget for utvikling av lokalsamfunnet og regionen.

– Særleg viktig er dei demografiutfordringane vi står overfor med skjerpa konkurranse om arbeidskrafta og studentar og dessutan sentraliseringskreftene frå dei større byane uttalar Lothe vidare. 

Publisert: 22.01.2025 11:45

Sist oppdatert: 22.01.2025 21:14

Mer om