Bourbon endre leine montasje skip foto marius 11
UTSETT FOR HACKING: Sunn paranoia og opplæring av brukarane, var to sentrale råd då Endre Leine i Bourbon Offshore Norway skulle oppsummere korleis dei var å bli utsett for eit dataangrep. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dataangrep påverka drifta i fleire månader

– At vi ikkje fekk mail, var den første indikasjonen på at noko var gale, fortalde Endre Leine i Bourbon-reiarlaget.

Marius Rosbach
19.05.2022

Under Rederikonferansen i Ålesund var datasikkerheit mellom dei aktuelle temaene som blei sett på dagsorden.

Endre Leine frå Bourbon Offshore Norway fortalde ope om korleis reiarlaget blei utsett for eit større angrep 9. april i fjor.

– At vi ikkje fekk mail, var den første indikasjonen på at noko var gale, sa Leine om opplevinga då dei kom på jobb den skjebnesvangre dagen.

Meir frå Rederikonferansen:

Fleire selskap utsett for løysepengevirus
Det viste seg at heile Bourbon-konsernet og ein rekke andre franske selskap var råka av det som var eit løysepengevirus.

– Viruset gjorde at all vår administrative drift blei ramma, fortalde Leine.

I alt var meir enn 300 serverer påverka. Berre enkelte av dei norske båtane slapp unna angrepet og kunne operere som vanleg.

Leine fortel at det var mange nødløysingar som blei teke i bruk på kort tid – men viktigast av alt: – Vi hadde ingen tap av data, kunne han fortelje.

Påverka i opptil fem månader

Reiarlaget hadde i fleire veker ikkje tilgang til filer, e-post, rekneskapssystem eller lønnssystem. I utgangspunktet hadde dei heller ikkje tilgang til internett.

Dermed måtte mellom anna kring 1000 fakturaer bli behandla manuelt, og det same var tilfelle med lønnsutbetalingane til dei tilsette.

Alternative e-postar på Gmail og innføring av Teams på rekordtid, var andre metodar som blei teke i bruk for å løyse den daglege drifta.

Dei fekk tilbake tilgangen på e-post etter kring tre veker, og etter fire veker hadde dei også tilgang til personalsystemet. Nokre av dei sentrale systema var likevel nede i kring fem månader.

Publisert: 19.05.2022 15:11

Sist oppdatert: 19.05.2022 15:24

Mer om