Gunnar Stein Hareide Kirsti Slotsvik Magne Aarset AKP 25 ar foto Marius
JUBILEUMSFEIRING: Noverande ÅKP-sjef Kirsti Slotsvik flankert av noverande styreleiar Gunnar Stein Hareide (t.v.) og tidlegare styreleiar Magne Aarset under feiringa av ÅKP sitt 25-årsjubileum i Ålesund fredag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Dei første åra var turbulente

Tidlegare styreleiar fortel at det er langt frå sjølvsagt at ÅKP kan feire 25 år.

Marius Rosbach
14.02.2025

Fredag baud ÅKP inn til feiring av sitt eige 25-årsjubileum med inviterte gjestar, tilsette og samarbeidspartnarar ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). 

Med fingermat og boblar i glasa kunne dei frammøtte markere ein høgst oppegåande jubilant med ein rekke jarn i elden. Slik har det ikkje alltid vore. 

Tidlegare styreleiar Magne Aarset fortel at det var ein tøff oppstart for eit par tiår sidan. 

– Dei første åra var turbulente, fortel han til Nett No. 

Vi måtte få næringslivet til å sjå nytta av oss på lang sikt
Magne Aarset

Måtte overtyde politikarar og bedriftene
– Vi var ein ny type organisasjon som både måtte finne sin plass og finansiering. Vi måtte også finne ut av kva vi eigentleg skulle drive med. Det var slett ikkje sikkert at denne organisasjonen skulle overleve då det var gått nokre få år, fortel Aarset.

I tillegg til å overtyde politisk om midlar og støtte, måtte ein få bedriftene til å sjå nytta. 

– Vi måtte få næringslivet til å sjå nytta av oss på lang sikt. For i starten var vi nok ikkje så mykje til hjelp, legg han til. 

På konkursens rand
På starten av 2000-talet var ÅKP – eller Ålesund Kunnskapspark – som det heit den gongen – på konkursens rand. 

Aarset legg ikkje skjul på at det var tøft – og roser støtta frå næringslivet i denne krevjande perioden.

– Det er mange toppleiarar frå regionen som la ned mykje arbeid i startfasa. Dei såg at dette var ein organisasjon som kunne vere eit nav i det klyngearbeidet som skjer her, seier han. 

Årleg omsetning på 50 millionar
I dag er ÅKP blitt ein organisasjon med drygt 20 tilsette og ei årleg omsetning på kring 50 millionar. 

Undervegs har dei utvida verksemda til ein rekke ulike arbeidsfelt. 

Mellom anna jobbar dei med å hjelpe bedrifter til å vekse og utvikle seg gjennom ÅKP Entreprenørskap. Dei har fleire program som rettar seg inn mot selskap i ulike fasar, og deltek i ein rekke nasjonale og internasjonale prosjekt. 

Veks raskare enn samanliknbare bedrifter
ÅKP-sjef Kirsti Slotsvik påpeiker også i jubileumsskriftet deira at bedrifter som har vore gjennom deira program, veks raskare enn samanliknbare selskap elles på Vestlandet. 

ÅKP er også vertskap for klyngeorganisasjonane GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea, og katapultsenteret Digicat

I tillegg står dei bak arrangement som Investormatch – ein møteplass for investorar og selskap på jakt etter kapital.

Publisert: 14.02.2025 13:59

Sist oppdatert: 14.02.2025 16:30

Mer om