Mange vil teste kunstig intelligens
Næringslivet sin digitale fødselshjelpar i Ålesund merkar større pågang – og er blitt med i nytt AI-senter.
Digicat er ein av fem statlege katapultsentre rundt om i landet som skal bidra til nyskaping ved å vere ein praktisk testarena. Verksemda er organisert under ÅKP og held til på Norsk Maritimt Kompetansesenter, men jobbar nasjonalt.
– Vi får førespurnader frå små og mellomstore bedrifter i heile landet som har ein ide dei vil teste ut, fortel dagleg leiar Bjørn Aase Dimmen til NETT NO.
Testlaboratoriet på Nørve i Ålesund kom inn på statsbudsjettet i 2018, då ordninga blei utvida til fem sentre med ulike spesialfelt:
- Sustainable Energy på Stord
- Manufacturing Technology på Raufoss
- Future Materials i Grimstad
- Ocean Innovation i Bergen
Les også
Mange vil utforske kunstig intelligens
Digicat sin spesialitet er som namnet tilseier, den digitale verda. Kunstig intelligens, forkorta KI, eller AI, har vore den store drivaren for verksemda til Digicat i løpet av det siste året. Mange bedrifter har fått auga opp for kva moglegheiter teknologien gir, og vil sjekke kva dei kan gjere.
– Bedrifter kjem med eit drøymescenario som dei vil utforske, og vi kopler på leverandørar som er flinke på tematikken bedrifta jobbar med. Det er også mogleg å få Siva-midlar, fortel Dimmen.
Siva – statens selskap for vekst i industrien – er den formelle paraplyen Digitcat høyrer innunder. Via ordninga har bedriftene tilgang til nettverk og midlar som skal vere med å legge til rette for berekraftig vekst i industri og næringsliv.
Fleire ulike verktøy
Digicat-sjefen fortel at dei kan stille opp med alt frå verktøy, kunnskap og arbeidsmetodar som trengs for å til eksempel utvikle ein digital tvilling.
Andre treng hjelp til visualisering av konsept, å planlegge bruk av areal, eller drifts- og vedlikehaldsoperasjonar.
– Nokre er i ein fase der dei jobbar med ideen og treng hjelp til å utvikle den vidare, andre treng ein puff for å hjelpe dei ut i verda med eit produkt, seier Dimmen.
Fekk hjelp til å utvikle nye ladestasjonar
Cyan Energy i Ålesund er mellom selskapa som har nytta seg av Digicat sine tenester i løpet av det siste året. NETT NO har tidlegare fortald om selskapet som har jobba med å utvikle høgkapasitets energi, som mellom anna kan nyttast til ladestasjonar.
Selskapet fekk hjelp av katapultsenteret både i kommunikasjon og visualisering. Det førte mellom anna til at dei designa anlegga sine med legge installasjonar under bakken.
Les også
Dagleg leiar Bjørn Bjerke fortel at dei fekk god hjelp og at dei i løpet av kort tid skal i gong med testlading ved den første pilotstasjonen til selskapet på Hareid.
– Vi reknar med å starte testlading i midten av april og deretter lansere kommersielt når vi er klare, seier Bjerke.
Optimar, Gjøsundet Utvikling og John Gjerde er mellom andre som nyleg har drege nytta av Digicat.
Nytt senter for kunstig intelligens
I takt med interessa i næringslivet, auka Digicat merksemda om kunstig intelligens i løpet av fjoråret. Dei var også med å etablere eit nytt senter for teknologien – katapultnoden AID - saman med fleire andre partnarar.
Fysisk ligg det nye simulatorsenteret for kunstig intelligens i Halden, men det er tilgjengeleg for bedrifter frå heile landet.
Teknologisenteret er eitt av åtte sokalla noder, som er kome som ein tilvekst til dei fem katapultsentera.
Desse noder skal fungere som testfasilitetar i distrikta, og gi bedrifter over større delar av landet enklare tilgang enklare tilgang til verktøy. Målet er skape raskare innovasjon og betre marginar på produkt og tenester gjennom anvendt forsking.
Ny søknadsrunde
I desse dagar er Siva i gong med ei ny utlysingsrunde for å etablere seg som katapultnode. Nye noder må vere knytt til eitt av dei etablerte katapultsentera.
Søknadsfristen for å bli katapultnode er 15. mai. Digicat-sjefen fortel at han er spent på kva miljø som melder seg.
– Kven som ønsker kan søke og alle stiller likt i vurderinga. I førre runde for to år sidan var det mange som jobba med dette, seier Dimmen.
Publisert: 01.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 01.04.2024 13:32