Dekker ti gongar noregs areal paa jakt etter makrellen
TOKT: Enorme område vert dekt under årets internasjonale forskingstokt på jakt etter makrell. Tilbakemeldingane er gode, og det vert også sett mykje kval.
Nytt

Dekker ti gongar noregs areal på jakt etter makrellen

To herøybåtar er med på årets store makrelltokt, der det vert meldt om gode fangstar og mykje kval.

29.07.2020
Det internasjonale makrelltoktet som skal dekke store deler av det nordlege Atlanterhavet med seks fartøy er no inne i fjerde veke.
Seks fartøy deltar i toktet, inkludert herøybåtane Eros og Kings Bay.
Store hav- og kystområder er kartlagde. Både Færøyane og EU (Danmark) har avslutta sine kartleggingar i færøyske farvatn og i Nordsjøen og Skagerrak, og etter mannskapsskifte i Tromsø, kartlegg no Eros grønlandsk og internasjonalt farvatn.

4,5 millionar tonn

I tillegg opererer forskingsfartøyet Arni Fridriksson i islandske og internasjonalt farvatn, medan Eros og Kings Bay har kartlagt store deler av norskekysten og Norskehavet.
Det årlege tråltoktet etter makrell er éin av fleire viktige indeksar forskarane brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det ein kallar eit kvoteråd.
Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell no er på 4,5 millionar tonn.

Mykje makrell og NVG-sild

På oppsummerer havforskar og toktleiar Leif Nøttestad ombord i Kings Bay toktet så langt.
Han slår fast følgjande hovedtrekk:
  • Betydelege makrellfangstar har blitt tatt til no i dei sentrale og nordlege deler av Norskehavet inkludert sør-søraust av Jan Mayen.
  • 2016-årsklassen av norsk vårgytande sild virkar lovande i det nordaustlege Norskehavet.
  • Både makrellen og silda sym primært i dei øverste 30 metrane heile døgnet, og beitar bra no i Norskehavet.
  • Vi observerer flokkar med spekkhoggarar som jaktar på makrellen, medan finnkval, vågekval og springarar jaktar på silda.

- Makrellen er ein tøffing

Nøttestad opplyser at makrellen fanga ved Jan Mayen er stor og feit, og sjekkprøver viste fulle magar av større amfipodar.
- Makrellen er ein tøffing som ikkje nølar med å vandre inn i kalde vassmasser, sjølv om han blir rekna for å vere ein såkalla «varmekjær» art, skriv Nøttestad og viser til at makrellen kan overleve i hav- og kystområde med sjøtemperaturar frå om lag 5-25°C.
Nøttestad viser til at belønninga med å beite i kalde farvatn i nord er at der finst dei største og mest næringsrike byttedyra.
- Ein annan fordel er lyset og midnattssola nord i Norskehavet, som bidrar til at visuelle predatorar som makrell og sild kan beite gjennom heile døgnet om sommaren.

Kolmula står djupt

Nøttestad opplyser at 2016 årsklassen (4-åringar) av norsk vårgytande sild (NVG-sild) også virkar lovande, og har no ei brukbar utbreiing i det nordaustlege Norskehavet og nordlege kystområde.
Når det gjeld kolmula står ho no betydeleg djupare enn enn makrellen og silda uti Norskehavet.
Kolmula står også svært spreidd på djupne frå 80 til 400 meter.

Laksefangstar

Kings Bay har også fått ein del laks i dei øverste vasslaga rett vest av Bergen i sør til aust av Jan Mayen i nord. Det vert meldt om laks med og utan lakselus.
I tillegg har Kings Bay tatt opp tapt fiskereiskap frå rundt 3300 meter djupne i Norskehavet, og der tau og blåser frå fiskebruket flaut i overflata.
Makrellen er ein tøffing som ikkje nølar med å vandre inn i kalde vassmasser

Publisert: 29.07.2020 10:13

Sist oppdatert: 17.06.2021 18:45